Bedrift

Mange bedrifter har forstått nytten av å ta godt vare på sine tilsette

Optimal Helseklinikk har avtale med mange bedrifter der tilsette får hurtig innpass for vurdering og behandling av plager relatert til muskel-, nerve-, og skjelettsystemet. Dette viser seg å vere effektivt for å senke sjukefråveret i bedrifta.

Kiropraktorane kan sjukmelde (inntil 12 veker), i tillegg til at alle pasientar får refusjon frå trygda si utan å måtte gå til lege for tilvising først. Kiropraktorane har her eit fortrinn gjennom at pasienten kjem raskt i behandling og får tett oppfølging med færre, kortare og meir målretta sjukmeldingar som resultat. Ved behov kan vi også rekvirere CT, røntgen og MR, og tilvise til spesialisthelseteneste. Våre fysioterapeutar er kvalifiserte til å utføre arbeidsplassvurderingar, og har elles spesiell interesse for rehabilitering og opptrening.

Med fokus på friskheit og funksjon framfor sjukdom ønskjer vi, i samarbeid med bedrifta og bedriftshelsetenesta eller personalansvarleg, å aktivt ta del med både førebyggande tiltak og hjelpe sjukmeldte raskast muleg tilbake i arbeid.

Når ein tilsett blir borte frå jobb medfører det ofte praktiske problem, men også økonomiske konsekvensar. Ved langvarig sjukdom kan bedrifta få store ekstrautgifter. Ifølgje utrekningar frå NHO og Sintef kostar ein sjukedag i gjennomsnitt 3300 kroner for bedriftene. Ein behandlingsavtale kan derfor vere ei god investering både for den tilsette og for bedrifta. Nokre bedrifter har også helseforsikringar som dekkjer behandling hos kiropraktor og fysioterapeut.

Med tanke på at ein stor prosent av alle sjukmeldingar er forårsaka av muskel- og skjelettlidingar, kan vi vere ein god samarbeidspartnar for di bedrift.

Vi held gjerne føredrag for bedrifter og andre interesserte grupper.

 

facebookicon1