Fysioterapi

Fysioterapi er ei klinisk og førebyggande verksemd. Ein fysioterapeut har kunnskap om kropp, rørsler og funksjon.

Ein fysioterapeut hjelper menneske som har problem med rørsleapparatet. Gjennom ein samtale dannar fysioterapeuten seg eit bilete av plagene til ein pasient og kva slags hindringar dette kan gi i dagleglivet. Etter samtalen og ei grundig undersøking blir det sett opp ein behandlingsplan der ein jobbar mot realistiske målsetjingar. Dette kan for eksempel vere at ein får mindre smerter, betre rørsleevne, auking av belastingsnivået, osb.

Ved ein førstegangskonsultasjon går ein gjennom følgjande:

• Samtale/anamnese
• Kartlegging av daglege aktivitetar
• Undersøking av rørsleapparatet
• Evaluering av klienten sitt endringspotensiale
• Fastlegging av kortsiktige og langsiktige målsetjingar
• Planlegging av ein behandlingsplan

Behandling

Det finst mange forskjellige typar behandlingsformer innanfor fysioterapi. Nokre døme er massasje, elektroterapi, kinesiotaping og treningsterapi.

På Optimal Helseklinikk blir det hovudsakleg gitt hands-on-behandling. Dette kan vere alt frå massasje (triggerpunktsmassasje, tverrfriksjonar, djuptgåande massasje, osb.), og mobilisering til tøyingsøvingar.

Treningsterapi står også i fokus med tanke på at ein etter ein periode med smerter/plager får redusert belastningsnivå. Ein må då trene seg opp slik at ein ikkje har hindringar i dagleglivet. Dette kan innebere alt frå tøyingsøvingar som vert utført i heimen, haldningsterapi, styrkeøvingar, Neurac (Sling-Exercise-Therapy/Terapi Master), treningsprogram på treningssenter, etc. Dette vert tilpassa individuelle behov og målsetjingar.

Tilrettelegging av arbeidsplass og arbeidsstillingar står også i fokus med tanke på at det ofte er feilbelastingar i dagleglivet som gjer at ein får plager. (Ved f.eks. feil arbeidsstilling, plager som oppstår pga. for høgt skrivebord, etc.)

Kven går til ein fysioterapeut?

Gjennom mange år har det vore dei som får ein eller annan form for plage i musklar, nervar eller skjellett. Det vanlegaste er at ein tek kontakt på det tidspunktet ein får hindringar i dagleglivet. I seinare tid er det også blitt meir vanleg å kontakte fysioterapeut for førebyggande tiltak.

Kva behandlar ein fysioterapeut?

Plager som sit i rørsleapparatet. Dette kan vere idrettsskader, belastningsskader eller før/etter at ein har vore gjennom ein operasjon. Nokre av de vanlegaste årsakene til at ein oppsøker fysioterapeut er rygg- og bekkensmerter, isjias, nakke- og skulderproblematikk, armplager, hovudverk/migrene, knesmerter, senebetennelsar, kjeveplager, svimmelheit og generelle muskulære plager. Andre årsaker førekjem sjølvsagt også.