Kjære Yoga venner :)

by

Kjære alle yoga – vennane våre! Siste timen før ferien med Marianne i kveld vert diverre avlyst grunna eit kraftig overtrakk 😉 Vil ønske dokke alle ein god sommar; kanskje yoga kanina kan inspirere til litt eigenpraksis i sommar? 🙂 Ellers har Marianne laga til Ashtanga Primary series og printa ut til dokke om dokke vil kome innom for å få! Vi startar opp att ved skulestart. Meir info kjem her og på nettsida. Gooood Yoga Sommar 🙂 nyoga kanin

Meir info om Mjuk Yoga og minner om morgon yoga denne veka :)

by
Meir info om Mjuk Yoga og minner om morgon yoga denne veka :)

Tysdag 2.6, startar vi opp eit mini kurs i Mjuk Yoga. Dette er ein rolig time som passar alle, kvinner som menn! Også gravide 🙂 Ein god mix er alltid bra. Her er det enkle øvingar som alle kan klare, og har ein vondter modererar ein øvingane. Dette er ein time med fokus på den gode pusten, opne opp kroppen; auke fleksibilitet og lett styrke. Ein meget skånsam form for yoga som inviterar heile kroppen til kvile. Det krevast ingen forkunnskap før timen, og det er eit fint alternavtiv til Ashtange yoga – men også eit godt supplement. Den endar i ei god avspenning.
Tysdagar – oppstart 2.6 kl. 19.30,
600 kr for 4x – og FRI trening i treningsenteret.
NB; vi finn saman ein dag siste runda då denne landar på Jonsok – afta. Då vil vi vel kle oss ut med barna og brenne bål?! 😉
Ta gjerne med ein venn; – Kom og prøv!! Vel møtt 🙂
PS: Minner også om at denne veka har vi morgon – yoga med Daria for dei som vil prøve det! Ein nydelige start på dagen som gir ei herlig ro og energi som vil kunne prege dagen din vidare. Kom og prøv gratis! Sjekk timeplan.