Ferieavvikling sommar 2015
Klinikken har hatt ferieavvikling veke 30 0g 31 med ubemanna sentralbord.
Vi er i gang igjen med normal drift frå mandag 3.juli (veke 32). Opningstider 0800-15:30 man-fre.
God helg frå oss på Optimal!
Akutt rygg i ferien?
– her er øvingane som hjelper deg
Å halde seg aktiv er viktig for å bli betre i ryggen. Passitivitet kan forverre plagene.
#1 Bekkenvipp

Ligg med bøy i knea, føtene i golvet. Bruk magemusklane til å føre bekkenet bak, slik at korsryggen tek ned i underlaget.
#2 Ryggliggande rotasjon av underkroppen
Samme utgangsstilling som øving 1. Bruk magemusklane til å halde ryggen i golvet, medan du fører samla bein frå side til side.
#3 “Gi knea ein god klem”
Ligg på ryggen og trekk knea mot brystet. Løft hovudet og prøv å vugge fram og tilbake.
#4 Sittande rotasjon i overkroppen
Sit med beina i kors. Vri overkroppen rolig til sida, til du kjenner det strekker i ryggen. Vri motsatt veg.
#5 Tøyning av hofteleddsbøyarar
Sett det eine beinet eit godt steg bak. Før bekkenet fram og hald overkroppen oppreist.
Alle øvingane kan du halde mellom 5 og 20 sekund. Unngå å presse deg inn i smertefull bevegelse.
Lag ein aktiv og god sommar 🙂