MYKJE skjer på Optimal denne veka! SJÅ HER;

by
MYKJE skjer på Optimal denne veka! SJÅ HER;

Denne veka er det mykje som skjer på Optimal 🙂 Marianne startar opp Mjuk Yoga igjen i dag kl. 19.15 – dette er ein time som passar for alle – både dei som vil ha ein roligare time, men også dei som vil supplere sin ashtanga yoga praksis med litt bøy, tøy og lett styrke (kan gjere det tyngre om ein vil). Vi pustar oss igjennom øvingane og har fokus på å kjenne etter. Ta med eiga matte og handduk (om det vert varmt og du sklir på matta). Vi har nokre matter til utlån (fleire kjem).
Daria sin torsdagstime er flytta til ONSDAG KL.20.05!! Dette grunna at Daria skal ha seg ei lita yogainspirasjonsreise til Oslo torsdag 😉
Klinikken FLYTTAR til MIDLERTIDIGE nye lokaler torsdag kl.16. Desse vert i 3.ETG på ØRSTA TORG – gamle FOKUS BYGGET (G – sport og Sissel blomster/interiør nede b.l.a). Inngang dagtid – midtigata, kveldstid; gata der glassgangen er. Der vert skilt og lapp.
PARKERING; før vi har fått på plass eigne plassar, er det kort å gå om du parkerar på øvrefeltet nedom Amfi. Ellers er det heller ikkje langt frå gamle haldeplassen – ved Europris – gå igjennom gågata. Der er sjølvsagt også parkering rundt kunsthuset og ved gamle Ørsta fiskemat.
Dette vert veldig bra og vi gledar oss til veldig til å ta i mot deg både i dei midlertidige og nye lokala 🙂 Lyse og fine – nedmot sjøen 🙂 Har du spørsmål? Ring 700 66465 eller mail: kontakt@optimalhelseklinikk.no

Ashtanga Yoga i dag :)

by
Ashtanga Yoga i dag :)

I dag startar vi med yoga – gruppene våre 🙂 Ashtanga Yoga med Daria kl. 20 – møtt opp ved Ørsta Torg – inngang med Fokus næringspark/under glassgangen. Ta med egen matte og gjerne ein handduk då det kan verte deilig og varmt i dag 😉
Vi gler oss til å sjå deg etter ferien! MULIG vi kjører timen ute -om folk vil det! Nytt no er at dokke som har klippekort på Yoga også får trene for 150 kr mnd i tr.senteret vårt om dokke vil det. dei som skal opå Nygeb.kurs får det gratis ifm dette. Nybeg.kurset er diverre fullt for no – men sett deg på liste, – kanskje der vert ein ledig plass, ellers har du plass til neste runde med nybeg.kurs!
VEL MØTT 🙂 Namaste 😉

Ein Optimal haust! Dette skjer:

by

 

IMG_4222Karen

Då er kvardagen tilbake og det er deilig med ny haust – nye muligheiter! Vi startar opp nye grupper i Mor&Barn, Rygg – grupper, pilates og yoga!

Dei som er med på kurs får gratis trening i treningsenteret vårt i heile denne perioda (ope frå 06.00 – 23.00 ALLE dagar).

Dei andre som er med på Pilates og Yoga får trene her til 150kr pr mnd! KJEMPE deal!

Vi skal også starte nybegynnar gruppe i Ashtanga yoga – dette er enkelt og ALLE som har ein kropp kan vere med – dess stivare, dess betre. Er du nyskjerrig? Kom og prøv 6x  – 1050kr. Menn som kvinner (gjerne menn). Sjekk timeplan på nettsida her for meir detaljar rundt dette.

Ta kontakt på kontakt@optimalhelseklinikk.no eller ring 700 66465 for påmelding!