God helg!! Her kjem ei oppskrift på det Optimale Tacokrydderet!

by
God helg!! Her kjem ei oppskrift på det Optimale Tacokrydderet!

Med ønske om ei god helg og ei optimal Meksikansk aften med dette optimale tacokrydderet 🙂

Minner om at vi har helgevakt. Ta kontakt på 95 49 44 47 for å avtale tid.

God helg 🙂

INGREDIENSER

  • 3 ss chilipulver
  • 212 ts malt chilipepper , helst chiliflak
  • 212 ts tørket oregano
  • 2 ss malt spisskummen
  • 2 ss paprikapulver
  • 212 ts hvitløkspulver
  • 2 ss havsalt
  • 2 ts sort pepper (kan byttast med cayennepepper for sterkare smak)

Visste du at nedsett kjernestabilitet kan gje sekundære rygg- og nakkesmerter?

by

img_3191-2Visste du at nedsett kjernestabilitet kan gje sekundære muskelsmerter? Vår fysioterapeut Eline har mastergrad i klinisk nevrologisk fysioterapi, og dermed mykje erfaring og kunnskap om korleis nedsett kjernestabilitet kan påverke vårt rørslemønster og forårsake smerter. Dette kan til dømes setje seg i nakke, skulder og korsrygg, eller gje utslag som hovudverk eller svimmelheit.

Nedsett kjernestabilitet kan mellom anna kome som fylgje av nevrologisk sjukdom (hjerneslag, MS, parkinson, nevropati el.l.), men det treng ikkje vere knytt til sjukdom. Tungt fysisk arbeid, inaktivitet, stress/”høge skuldrar” eller vanlege muskel-/skjelettplager kan òg føre til smerter. Veldig ofte hjelper det å få kome i gong med tilpassa og vegleia trening, saman med muskulær behandling, for å styrke kroppen og bidra til lågare spenningsnivå i rygg, nakke og skuldermuskulatur.

Å behandle årsaka til smertene, i tillegg til symptoma, vil i det longe løp gje betre resultat enn symptombehandling åleine. Vi på Optimal Helseklinikk har kompetansa som skal til for å gje deg rett behandling og auka kunnskap om eigen kropp og bevegelsesmønster. Det er viktig å kome i gong tidleg med rett type tiltak for å verte kvitt smertene og fungere så optimalt som mogleg. Tidleg igongsetjing av tiltak fører oftast til at ein treng kortare behandlingsseriar og at ein kjem raskare tilbake til “normal” funksjon.

 

 

 

Visste du at kiropraktikk er ei skånsam å fin behandling for barn?

by
Visste du at kiropraktikk er ei skånsam å fin behandling for barn?

Visste du at kiropraktikk er ein skånsam og fin behandling for spedbarn, barn og ungdom? Denne skjønne krabaten ville ikkje ligge i mageleie – noko som er viktig for vidare styrking av ryggsøyla og motorikk. Etter 1. behandling – betre, etter 2. behandling; kosar seg på magen 🙂 heilt herleg🙂 Kiropraktor Marianne Kriken hos oss har spesialisert seg på beh. av spedbarn, barn, ungdom og gravide. Ho brenn for å hjelpe denne gruppa – ei betring gir ofte lette for ein heil familie <3 (gjengjeve i samtykke med mor).

Monge opplever god effekt av beh., og dei fleste born responderar raskt på beh. og skal difor ikkje vere naudsynt med lange behandlingseriar. Fleire opplever effekt mtp uroligheit, ammeproblematikk (grunna nedsatt funksjon/bevegelse i nakke/kjeve), søvnvanskar, vanskar med å ligge på magen, forstoppa mage, for aktiv mage, krype, krabbe og dei som er seine å gå har ofte god effekt av å få behandla bekken/hofter/korsrygg om ein finn nedsatt bevegeligheit her. Dette for å nevne noko. Om det er andre ting som er problemet eller delar av problemet, har kiropraktor henvisningsrett til t.d. barnelege og andre spesialist instansar. Ein skal ikkje sjukeleggjere barn, men dei fortenar ein optimalt (for deira potensiale) fungerande kropp dei, slik som vaksne. Og førebygge for framtidig plager.

 

bilde_beh_spedbarn_mk

Yoga i dag :-)

by

Mjuk Yoga går ut i dag, men vi opnar for egenpraksis i Ashtanga Yoga kl.2015 🙂

Dette er gratis og håper mange vil nytte seg av dette tilbodet!

Har kopiert opp sekvensen som ligg klar til låns 🙂

Marianne er tilbake til morgonyoga torsdag 🙂

Ha ein fin dag!

Endeleg oppstart av ryggskulegruppe 20. september 2016

by

Slit du med vond rygg? Eller har du behov for ein kick-start på treningshausten?

Optimal Helseklinikk tilbyr 10- vekers ryggskule ein gong i halvåret, med kyndig vegleiing av fysioterapeut. Målet er å auke forståinga av den enkelte deltakar sine ryggplager og å gje grundig opplæring og veiledning i trening som betrar og vedlikeheld funksjonen ved slike plager.

Ryggskulen inneheld:
– Førstegangsundersøkelse med individuell kartlegging av funksjonsnivå.
– Gruppetrening som er tilpassa kvar enkelt.
– Teoridel som vil omhandle anatomi, fysiologi, smertefysiologi og ergonomiske grunnprinsipp.
– Fri trening i klinikken sine lokaler i ryggskuleperioden.
– Eige treningsprogram som ein kan gjere heime.
– Siste gang testar vi på nytt og samanligner funksjontestane med førstegongsundersøkelsen.

Pris: 10 veker, inkludert gratis trening i treningssenteret heile perioden (frå kl 06-23, alle dagar) 1750 kr. Drop-in 175 kr pr gang.

Oppstartsdato er tysdag 20. september kl. 15.15-16.00. 

Ta kontakt med Optimal Helseklinikk på tlf 70066465 eller på mail kontakt@optimalhelseklinikk.no for informasjon og påmelding.

Håper å sjå deg der!

DSC_5557

 

Ny timeplan for gruppetimer hausten 2016 er klar!! Ta en titt :)

by

Ny timeplan for hausten 2016 er klar!!

Klikk på bilete for meir informasjon 🙂

Timeplan OptimalHelseklinikk Høsten forslag-1