Visste du at Optimal har tilbod om radial Trykkbølgeterapi?

by

Vår kiropraktor Birger Nilsen administrerer trykkbølgebehandling for vanskelege sene-og senefestetilstandar som gjerne har blitt kroniske og ikkje løyser seg ved tradisjonell behandling.

Trykkbølgeterapi behandlar kroniske senebetendelsar i blant anna skulder, alboge, hofte, kne og akillessener. Den vert også nytta mot sokalla hælsporer og smerter i fotsålen.

Behandlinga fører til ein betendelsesliknande reaksjon i vevet som vert behandla. Kroppen reagerer med å auke blodsirkulasjon og stoffskifte i nedslagsfeltet, noke som stimulerer og akselererer kroppens eigne reparasjonsprosessar. Trykkbølgene bryter ned skada vev og kalkpåleiringar.

Her viser vi eit bilde av behandling av ”tennisalboge” på ein pasient som har gått sidan før jul (10mnd) med sterke smerter i albogen. Ho har ikkje klart å skrive på data eller køyre bil over lengre strekningar pga dette.  Ho har fått 4 behandlingar over 3  veker og er no smertefri og tilbake i full jobb.

img_1230

Nye runder med Ashtanga Yoga kurs :)

by
Nye runder med Ashtanga Yoga kurs :)

Kjekt at så mange har likta kursa med Johanne 🙂 Veldig monge vil fortsette, og det er gøy! Er du i tvil? Det tek tid,tolmod og litt disiplin dette med Ashtanga yoga.. prøv det litt heime, gi det tid – ver raus med deg sjølv! Det handlar ikkje om prestasjon – dette er noko du gjer for deg sjølv – ikkje for å ha nok ein arena du må prestere på. Det er ikkje eit showroom 😉 Men det er lov å leike seg! Ikkje ta det for seriøst :O) At yoga gjer oss veldig godt er det ikkje tvil i; mykje forskning syner no at yoga er bra for både styrke, auke fleksibilitet – og ikkje minst mentalt. Stressmeistring, mindfullness, tilstades i nuet, koble ut, pause knappen – kall det det du vil. Men at dette gjer oss godt? Ja, det er mykje forskning som støttar no.

Torsdagar vert det no, frå 27,okt/veke 43; 

kl.16.30 – mixa gruppe med nybyrjarar og dei som har fullført kurs tidl. i haust som dette kl.slettet passa best for.

kl.18.00 Ashtanga 1 – gruppa som har vore nybyrjar tidl. i haust.

kl.19.30; Herre – gruppe – her tek vi også mot fleire nye!! 🙂 Ein fin gjeng allereie!

Vi tek påmelding på kursa – kontakt@optimalhelseklinikk.no, eller om du har skrive deg på liste med Johanne er det nok.

Ikkje alle kan kvar gong grunna arb. etc, så på neste kursa vert det klippekort på 10 Klipp, slik ein kan flekse litt meir. Ein vert oppmoda om å halde gruppene sine grunna flyten i framgongen etc, men ein er hjarteleg velkomen på Morgon yoga med Marianne torsdagar eller Ashtanga mandagar om ein vil det /når dette passar betre. gi då beskjed til Optimal/Marianne/Johanne. Om nokon ikkje kan torsdagar, men mandagar passar betre – send ein mail til oss om dette så ser vi om vi får plass til deg på mandagsgruppa.

 

Vel møtt 🙂      (Foto; Yogainstruktør Johanne Melkevoll) yogacollageoptimal

Ashtanga Yoga workshop med Alexander Medin :-)

by
Ashtanga Yoga workshop med Alexander Medin :-)

Endeleg er han tilbake i Ørsta!

For meir informasjon:

www.facebook.com/events/1823427331225869/

 

Visste du at kiropraktikk kan hjelpe mot hovudverk, svimmelheit og migrene relatert til spenningar i nakken?

by
Visste du at kiropraktikk kan hjelpe mot hovudverk, svimmelheit og migrene relatert til spenningar i nakken?

Visste du at kiropraktikk kan hjelpe mot hovudverk, svimmelheit og migrene relatert til spenningar i nakken?

 

 

bilde-27-09-2016-09-45-45Vi alle veit kor forferdeleg det er å ha smerter i hovudet! Denne pasienten kjem heilt frå Byrkjelo for å motta kiropraktisk behandling hos vår kiropraktor Marius Hodt. Ho har slete med migrene og hovudverk over lengre tid, men er no etter nokre behandlingar mykje betre. Ho opplever no dramatisk færre episoder med migrene og mindre tendensar til hovudverk.

Marius har god erfaring med at kiropraktisk behandling kan gje god effekt på hovudverk, svimmelheit og migrene. Mange slit med desse plagene og er ikkje klar over at kiropraktisk behandling kan hjelpe. Din kiropraktor vil foreta ei grundig undersøking for å kartlegge problemet før behandling settes igang.

 

 

 

Ofte rapporterer pasienten om mindre hovudverk, færre episoder med migrene og at svimmelheita forsvinn etter 5-6 behandlingar. Om det er andre ting eller deler av problemet, har ein kiropraktor rett til å henvise til spesialist, rekvirere bildediagnostikk og også muligheita til å sjukmelde opptil 12 veker.

Årsaka til mykje av desse plagene kan relaterast til spenningar i muskel -og skjelettsystemet, då særleg nakke. Desse spenningane i muskulaturen bidreg ofte til ubehag som utartar seg som smerte eller hovudverk og kan være ein bidragsytande faktor til auka episodar med migrene. Ofte ser vi at stress (fysisk og psykisk), dårleg arbeidsstilling, skadar og dårleg kosthald kan være årsak til desse spenningane. Svimmelheit kjem ofte sekundært til nakkeplager då  spenningar i øvre nakke kan påvirke balanseapparatet.

Vi på Optimal Helseklinikk har kompetansen til å gje deg rett behandling og auke kunnskapen din rundt ditt problem. Det er viktig å kome igang raskt med rett type tiltak for å redusere symptoma så raskt så mulig og  vidare gjenopprette optimal funksjon. Kommer du raskt igang er sannsynlegheita større for at du raskare føler betring i behandlingsprosessen.

Slit du med desse plagene? Ta turen innom klinikken eller kontakt oss på tlf 700 66 465 for ein konsultasjon. Du kan også sende mail til kontakt@optimalhelseklinikk.no, slik at vi kan hjelpe deg raskast  🙂