Er det i 2017 du skal kome i gong? Sjekk timeplan og nye tilbod – 2017 :)

by

Er det i 2017 du skal kome i gong med yoga? pilates? Kome i gong med god og effektiv trening etter fødsel – der du kan ta med deg barnet ditt? Trening for mor – leik for barnet 🙂 Rettleia av dyktig fysioterapeut som kan tilpasse opplegge til akkurat deg og det du treng. Og nettopp det gjer vi også på våre Rygg – grupper, yoga og pilates. Vi ser deg! Vi tilpassa og modererar slik som du treng. Det skal vere trygt å trene med oss – og det skal gi deg ein betre kvardag! Det er målet vårt 🙂 Så hiv deg rundt å meld deg på ei av gruppene eller fleire! Nytt av året vert månadsabb. også på yoga og pilates, med fri trening i treningsenteret inkludert 🙂 Dette finn du meir om under Yoga og Pilates – Prisar (under fagfelt i hovedmenyen).

I desember sel vi yoga klippekort for 1500,- (ord.pris 1750). Vi har ellers gåvekort om du kjenner nokon som ville hatt godt av ei gåve som kan gi dei eit venleg puff til å ta tak – gjere ei endring som vil kunne betre livskvaliteten gjennom å gjere ei livstilendring. (Og til alle menn og gutar – fleire menn/gutar har no meldt seg på neste runde med Ashtanga Mann! Kom å bli med!)

Ta kontakt med oss 🙂 (kontakt@optimalhelseklinikk.no, eller tlf; 700 66465). 1timeplanvinter2017-1-kopi

Har du redusert balanse?

by

img_3185Balansevanskar kan ha fleire ulike årsaker og dermed vere vanskeleg å gjere noko med på eiga hand. Balanseendringane kan mellom anna kome frå redusert følesans eller muskelkraft i ulike delar av kroppen, som følge av svimmelheit og mykje meir.

Les eksempelet om ei dame som har fått god hjelp, og betydeleg endring i livskvalitet etter få behandlingar:

Denne personen kom til vår fysioterapeut Eline, med diagnosa ”Polynevropati” og redusert balanse. Ho hadde eit klart ønske om verte betre, men trengde råd om korleis ho kunne gjere det. Ho hadde redusert følesans i føtene, nevropatiske ”brennande” smerter i beina, som igjen førte til vanskar med balanse, gange og andre funksjonar. Redusert balanse gjer at ein spenner kroppen for å halde seg på beina, og ho var også plaga med nakkesmerter og hovudverk.

Etter ei grundig undersøking vart det sett i gong spesifikke tilpassa tiltak. Denne personen hadde etter få behandlingar tydelege endringar i subjektiv følesans, reduserte smerter og positive endringar på balansetestar samanlikna med før behandlinga starta. Det viste seg at ho hadde mange ressursar tilgjengeleg, som ved fyrste augekast såg ut til å vere ramma av polynevropatien. Kombinasjonen av rett behandling, god informasjon og tiltak som ho kunne gjere på eigahand heime har hatt vedvarande resultat og gitt henne ein betre livskvalitet. Med oppfylgjande behandling 2-4 gongar i halvåret kan ein forsøke å forsinke prosessen og halde balanse og gangfunksjon ved like så godt det let seg gjere. Eit par muskulære behandlingar langs med har også gjort at nakkesmertene og hovudverken er heilt vekke.

Vår fysioterapeut Eline Vattøy har spesialisert kompetanse på undersøking og behandling av balansevanskar. Rette tiltak for akkurat deg er nøkkelen for å oppnå gode resultat.

Ta kontakt på tlf. 700 66 465 eller mail kontakt@optimalhelseklinikk.no for å bestille time med Eline 🙂 (bilde gjengitt i samtykke med pasient).

Vår kiropraktor Marianne Kriken har etterutdanning i behandling av gravide og barn :) Les om denne kvinna som fekk hjelp.

by
Vår kiropraktor Marianne Kriken har etterutdanning i behandling av gravide og barn :) Les om denne kvinna som fekk hjelp.

Biletet syner ei gravid kvinne i 2. semester med akutte korsrygg og bekkensmerter – store vanskar med å gå. Etter ei behandling (med vår kiropraktor Marianne Kriken) gjekk ho mykje betre, og etter 4 behandlingar avslutta vi – heilt smertefri. Ho får øvelsar, råd om ernæring og avspenningsøvingar som ho kan bruke til å forberede seg til fødsel. Vår kiropraktor Marianne Kriken har spesialisert seg på behandling av gravide med smerter i bevegelsesapparatet, bekkensmerter, ryggplager, hovudverk, smerter rundt ribber etc. Marianne nyttar også nåler (klinisk akup/ims) når det er behov for det. Ho er utdanna yoga lærar – noko ho brukar i behandling mtp avspennings – og pusteøvingar, samt enkle styrke/bevegelsesøvingar. Marianne har jobba med gravide i 13 år, og nyttar ulike skånsame teknikkar alt etter kva pasient og diagnose syner. Der er ikkje ein nøkkel som passar til alle – så det er viktig med ein grundig undersøkelse for å stille riktig diagnose for å kunne gi ei mest mulig effektiv behandling. Eit godt svangerskap gir ein god start også for den lille. Optimalisere funksjon reduserer smerter gir eit mykje lettare svangerskap 💝Ring 70066465 eller mail kontakt@optimalhelseklinikk.no for å bestille time med Marianne 😄 (gjenngitt med samtykke frå pasient). gravidbeh