Oppstart av ny ryggruppe “Optimal Rygg” 25. april! :-)
Slit du med vond rygg? Eller har du behov for ein kick-start på treningsvåren?
Eureka Optimal Helseklinikk tilbyr 10-vekers ryggskule ein gong i halvåret, med kyndig vegleiing av fysioterapeut. Målet er å auke forståinga av den enkelte deltakar sine ryggplager og å gje grundig opplæring og vegleiing i trening som betrar og vedlikeheld funksjonen ved slike plager.
Ryggskulen inneheld:
– Fyrstegongsundersøkelse med individuell kartlegging av funksjonsnivå.
– Gruppetrening som er tilpassa kvar enkelt.
– Teoridel som vil omhandle anatomi, fysiologi, smertefysiologi, ernæringsråd og ergonomiske grunnprinsipp.
– Fri trening i klinikken sine lokaler i ryggskuleperioden.
– Eige treningsprogram som ein kan gjere heime.
– Siste gong testar vi på nytt og samanliknar funksjontestane med fyrstegongsundersøkelsen.
Pris: 10 veker, inkludert gratis trening i treningssenteret heile perioden (frå kl 06-23, alle dagar) 1750 kr.
Oppstartsdato er tysdag 25. april kl. 15.15-16.00.
Ta kontakt med Optimal Helseklinikk på tlf 70066465 eller på mail kontakt@optimalhelseklinikk.no for informasjon og påmelding.
Håper å sjå deg der!
VÅRENS NYHENDER PÅ OPTIMAL YOGA OG PILATES :) (trykk på bildet for å få opp heile timeplanen).
Her kjem ein invitasjon til å få meir overskudd, lære seg gode verktøy til å handtere stress, prestasjonspress – verte sterkare og smidigare både fysisk og mentalt 🙂 Yoga er ein slik invitasjon.
Vi er veldig glade for å ønske Miranda med på Opitmal yoga laget vårt:) !! Miranda er frilufts og yoga – elskar, og har lang erfaring med å jobbe med ungdom som miljøterapeut. Miranda skal ha;
Nybyrjar kurs i Ashtanga Yoga onsdagar kl. 20.15 – eit kurs som går 6 gongar – oppstart i veke 17. Gratis trening i treningsenteret og fri bruk av salen (når den ikkje er i bruk) i denne perioda (maks 15 plassar!)
Nytt på Optmial er; Yoga for Ungdom!
Yoga skil seg frå andre aktivitetar ettersom det ikkje handlar om prestasjon, men fokuserar på det å vere bra nok i seg sjølv. Noko som er viktig i dagens samfunn med alt det press og stress ungdom er utsett for.
Noko av det Yoga kan gi Ungdom
- sjølvkjensle & tryggleik i seg sjølv
- auka konsentrasjon
- auka stryrke & smidigheit
- indre ro & harmoni
- betre søvn
- velvære
- glede
Hjå Optimal tilbyr vi no nybyrjar kurs for ungdom mellom 13-18 år, med hovudvekt på Ashtanga Yoga. Ein fysisk yogastil med ein fast serie med øvingar som endar i ei avspenning.
Denne stilen er også veldig fin å supplere andre idrettar/aktivitetar med – då den gir kjernestabilitet og auka fleksibilitet – kroppsbevisstheit ift kroppshaldning som igjen fører til mindre skader.
Kan minne om god gammeldags linjegymnastikk 😉 Og vi skal ikkje ta det for seriøst 🙂 Alt kan tilpassast den enkelte.
Målet er å auke ungdom sitt velvære og nærver.
Mange har sagt – at eg ikkje starta med dette før! – No har du muligheita til å gi ditt barn eller deg sjølv eit fantastisk verktøy til å verte sterkare og mjukare – både fysisk og mentalt 🙂
Kurset går 6 gongar, oppstart torsdag 27. April (veke 17) – kl. 15.30. Gi oss gjerne tilbakemelding om tidspunktet skulle vore seinare, men tanken er at dei kan kome rett til oss etter skule. MAKS 12 STK.