Yogaworkshop med Alexander Medin

by
Yogaworkshop med Alexander Medin

Vi er så heldige at Alexander Medin kjem tilbake til Ørsta og Optimal Yoga og Pilates for å dele sin rike kunnskap om yoga!

Dette vert ein leiken workshop som utforskar grunnprinsippa i Ashtanga Yoga. Alexander er ein av verdas fremste Ashtangayoga lærarar, sertifisert av Sri Pattabih Jois både i 1., 2. og 3. serien. Han har undervist yoga i over 20 år rundt omkring i verda – ein tidlegare norgesmeister i boksing, som er utdanna dansar – ivrig fridykkar og har ei Mastergrad innan Sanskrit og Indiske Religionar, i tillegg til å ha tolka og oversatt fleire verk innan yogafilosofi. Alexander var ein av grunderane av Puro Yoga i Oslo, og står bak prosjekt som “Back in the Ring” og “Gangster Yoga” gjennom stiftelsen Yoga For Livet. I 2015 starta han Nøsen Yoga og Fjellhotell som er Noregs leiande Yoga Retreat Center og no bur han i Hemsedal med sin familie.

Alexander har ein eigen evne til å entusiastisk formiddle sin kunnskap om yoga – dette vil du ikkje gå glipp av!

Opplegget for helga;


Fredag 2.Febr;
YOGA FOR EIN STRESSFRI KVARDAG
kl. 16.30 – 18.30 ; ei roleg økt med fokus på pusten, ulike pusteøvingar som kan vere nyttige i yogapraksisen, samstundes som i livet ellers. Avrundar med Mjuk Yoga – lande og laddde ein fredag ettermiddag. Setter søkelyset på korleis hente seg inn, ladde batteria og bygger opp ny styrke når ein kjenner seg sliten. Finne kvilepuls.

 

 

Laurdag 3.febr.
PRAKSIS SOM GIR STYRKE OG INNSIKT

kl. 9 – 10.45; Leda 1. serie i Ashtanga Yoga – kjører ein fin flyt, og du gjer så langt du kjenner er greit/du har lært. Med fokus i korleis nytte pusten for å komme djupare inn i dei ulike stillingane. Det er fin inspirasjon og berre observere vidare om du ikkje har vorte vist/gjort heile serien før. Endar i ei god avspenning.

kl.11 – 12;
KORLEIS NYTTE YOGAEN BÅDE PÅ OG AV MATTA?

Tid for litt yogafilosofi, innsikt og utfordringar. – Tid til spørsmål.

12 – 12.30 – vi nyter medbrakt lunsj.

kl.12.30 – 14;
YOGA TEKNIKK
– relevant til 1.serien i Ashtanga Yoga. Litt info om mysorestyle – eigenpraksis i Ashtanga Yoga.

Søndag 4. februar
MYSORE STYLE/EIGENPRAKSIS

kl.9 – 11 – – dette er den opprinnelege måten å praktisere Ashtanga Yoga på. Ein kjører serien i sitt tempo – med flyt i si eiga rytme med pust o

 

g rørsle. Her får ein god hjelp til å kome vidare – djupare i sin praksis på matta. Heilt ufarleg – og open for alle nivå. Vi har jukselappar tilgjengeleg 😉

kl. 11.15 – 14;
DRISHTI. KLASSISK YOGA – kva er det?
YOGA TEKNIKK – korleis skape lettheit i eigen praksis.

PRIS FOR HEILE WS; 1700 kr.
Berre laurdag og søndag; 1350kr
Berre fredag; 450 kr.

https://app.punchpass.com/passtypes

I tillegg til dette vil Alexander ha MYSORE på Optimal tysdag 30. januar, onsdag 31. januar og torsdag 1.Februar frå kl.06.30 – 8.30, medlemmar på Optimal vil då kunne nytte klippekort eller mnd. abonnement, evt andre som er interessert kjøpe drop – in i vårt online booking system punchpass.

Vi gler oss veldig til dette!! Tidlegare har vi enda opp med ventelister, så hive deg rundt om du vil sikre deg ein plass! Vi har allereie ein del påmelde.

OPENT NIVÅ, men du bør ha gjort noko Ashtanga tidlegare.

VEL MØTT!