EIN NY VÅR! Kom å bli med!

by
EIN NY VÅR! Kom å bli med!

Grip denne deilige energien ein får av våren, Lyset og  den vakre naturen vi har her, og ta den med deg inn på matta! Våren ei tid for endringar og dette gjelder også i kroppen; når det vert varmare og lysare tider merkar ein ofte eit løft i energi og ein meir open kropp som er lettare å påvirke.

Det er ei fin tid for å vere ute i naturen – men nettopp difor er det viktig og lurt å legge grunnlaget på matta. Trene på ein smart måte slik at du kan gjere det du vil, det som gir deg ein god livskvalitet – og tole det godt. Ein kan lett trene for lite variert og gløyme kor  viktig det er med ei god kjerne; ei god base i kroppen. Slik førebygg vi for belastningsskader og skader generelt.

Vi treng også ro og stillheit. Rom for å lytte til oss sjølve – til det som måtte få komme. Møte det med aksept og vere tilstade i det. Og t.d. berre “springe” på fjellet kan fort verte ei flukt frå å stoppe opp – pause – ta eit møte med seg sjølv.

Alt dette gir ein balanse i kvardagen og er eit superverktøy for å takle stress då det er med på å senke stress-responsane i kroppen. Vi treng begge deler – både å “springe” i fjellet og å lande på matta. Finne kvilepuls, trene kjerne – mjukne og forlenge, styrke kroppen og toppen.

 

DIFOR vil vi kome med eit VÅR – TILBOD til alle dokke!!

  • 10 klipp for 1500,-
  • Ubegrensa trening på Yoga og Pilates – betalt for 3 mnd få 4!! (EIN HEIL MÅNAD med GRATIS trening!).

TILBODET GJELD TIL 1.MAI! Heilt rolig kjøp det i vår online booking punchpass:

https://optimalhelseklinikk.punchpass.com/passes