Kiropraktor Einar Kriken Fylling er no i full gang med å assistere lokalbefolkninga i behandling av ulike muskel og skjelettplager i rygg, nakke, kjeve, skulder og kne. Samt svimmelhet og idrettsrelaterte plager i ankel, fot, og kne.
Alle kiropraktorane hjå Optimal Helseklinikk er medlemmar av Norsk Kiropraktorforening (NKF). Ettersom norske kiropraktorar har status som primærhelsekontakt har vi moglegheit til å ordne sjukemeldingar (opptil 12 veker) og henvise til røntgen, MR, CT og ultralyd under Folketrygda dersom behov. Vidare kan kiropraktorar også henvise pasientar til legespesialist og fysioterapi dersom dette skulle vere nødvendig.
Som pasient kan ein kome til kiropraktor utan henvisning frå lege eller andre instansar. Helseøkonomiforvaltningen (HELFO) yter stønad til behandlingsutgifter hjå kiropraktor.
Ønskar du å kome i kontakt med oss, ring 700 66 465 eller sjå nettsida vår for online-booking 🙂