Kva er din helse-nøkkel?

by
Kva er din helse-nøkkel?

Kva er din nøkkel til god helse? Kanskje har du ikkje funne den enda? Vår daglege erfaring er at å sjå samanhengane, jobbe tverrfagleg eller berre utveksle råd mellom profesjonane her – hjelper deg til å finne din nøkkel.

Stress og spenningar er ein stor årsak til smerter i kroppen. Mykje stillesittande arbeid også. Plutselege store belastningar (som i veldig hard trening, i kombinasjon med mykje stillesitting) eller mykje repetetive rørsle gjev også ofte feil belastningar. Tankespinn og stressfaktorar ellers i livet set seg også i kroppen. Stadig meir vitskap syner at vi ikkje lenger kan skilje mellom kropp og sinn. Alt har ein samanheng, og problemer er samansatt. 

Difor har vi både kiropraktorar, fysioterapeutar, massør, treningssenter, kondisjons/løp-ekspert, pilates og yoga. Samt helseforedrag, som kan hjelpe deg å forstå korleis du best hjelper deg sjølv.

Vi har direkte oppgjer med forsikringselskap, og terapeuter med henvisnings-rettigheiter, samt kan sjukemelde ved behov.

Vi er også stolte av å ha den flottaste utsikta frå treningsalen – ein motivasjon i seg sjølv seier dei som nyttar den 🙂

Vitskap syner også at det å ta behandling førebyggande/vedlikehald gjer at ein har færre episoder med smerter, og færre behandlingar på eit år. Så ikkje vent for lenge.

Vi brenn for at du skal finne din nøkkel!🔑 

Møt vår nye fysioterapeut Gaute

by

 

Fysioterapeut Ingeborg Ressem skal på reise og kjem tilbake over påske. Inn kjem vår nye fysioterapeut Gaute Langørgen. Vi gledar oss til at Gaute skal byrje og ynskjer Ingeborg god tur.

 

Litt info. om Gaute:

Utdanning

Fysioterapiutdanning – NTNU Trondheim (2017)

 

Erfaring

Som fysioterapeut har Gaute erfaring frå spesialisert rehabilitering av komplekse funksjonsvanskar og nevrologi, samt kurativ behandling, gruppetimar og aktiv forebygging gjennom kommunal fysioterapitjeneste. Trives godt med ei aktiv fritid, du finner meg gjerne på fjellet eller i bølgjene. Med bakgrunn som fotball- og handballspelar, brenner Gaute for å hjelpe andre med å oppleve ein kropp som fungerer i aktivitet og kvardag.

 

Kurs

Massasjekurs

 

Interesseområder

Muskel- og skjellettplager

Rehabilitering

Aktiv forebygging

Idrett og idrettsskader

Slyngebehandling