Vi kan rygg – hjå oss er du trygg! ;)

by
Vi kan rygg – hjå oss er du trygg! ;)

Vi kan rygg – hjå oss er du trygg!

 

👐 Visste du at kiropraktoren har 6 år utdanning innan muskel-skjelett og nervesystem?

👐 Kiropraktoren er offentleg godkjent helsepersonell og primærkontakt?

👐 Kan henvise deg vidare til legespesialist, fysioterapi eller billeddiagnostisk undersøking som røntgen, MR og CT?

👐 Sjukemelde ved behov inntil 12 veker.

👐 Utføre undersøking og behandling med refusjon utan henvisning frå lege.

 

Vi veit at du har det betre, og ein auka livskvalitet om du får vere i rørsle slik DU ønskar. Og der er vi ulike. Vårt mål er å hjelpe deg best mogleg, slik du kan optimalisere di helse – etter dine behov. Difor er vi opptekne av å nytte god tid, gjere grundig undersøking og evt arbeide tverrfagleg om det er det som vil hjelpe deg best, for raskast resultat. Vi veit at alle har betre effekt av behandling om enn gjer spesifikke øvingar i tillegg til behandling. Difor får alle våre pasientar GRATIS trening i treningsavdelinga – så lenge ein er pasient hjå oss. Fordi vi vil at du skal bli bra og få det betre 🙂

Nytt TIÅR – Nye muligheiter!

by
Nytt TIÅR – Nye muligheiter!

Vi har trua på 2020 – har du? Blanke ark som du kan farge sjølv?

For er det ikkje slik? At vi får ei muligheit å starte med blanke ark? Eit nytt år kan vere ein invitasjon til å reflektere litt ekstra over kva vi verdsatt mest i året som gjekk, og kva vi vil ha meir av i året som kjem. Kanskje vart det litt mykje armar og bein i haust, og kanskje er nettopp din intensjon å gjere nokre grep for deg sjølv. Det betyr ikkje, at vi  manglar noko å vere takksame for; – dei fleste av oss har mykje å vere glade for.

Der er mykje forskning som er gjort på området “korleis få auka livskvalitet” – og mykje peikar mot at vi alle treng;

  • God helse. Dette omhandlar livskvaliteten vår og korleis vi finn livet meiningsfullt iht til å mestre det vi vil, ikkje kjenne oss så begrensa, og kva vi har å gi til andre. Mindre smerter gir også meir energi, og visa-versa.
  • Sove godt – ha nok søvn er viktig for ei god helse. Korleis kan du legge til rette for dette? Jau, fysisk aktivitet, lavare stress-nivå, godt med D-vitamin, mindre skjerm-tid, mindre smerter – og rett og slett øve seg på å gjere grep – samstundes som ein alltid kan finne noko å vere fornøgd med.
  • Fysisk aktivitet er alfa-omega for det meste. Ja, det er skrive fleire bøker om dette temaet. Det førebygg for.. det meste. Og ein tommelfinger-regel; alt er betre enn ingenting! Litt kvar dag. Berre gjer det!
  • Tren deg på å vere fornøgd, og tenk gode tankar om deg sjølv og andre.
  • Gi til andre, av di tid og omsorg – forskning syner at ved å gi vert det frigjort fleire lykkehormon i kroppen til den som gir, enn når du får noko.
  • Kartlegg kva du kan prioritere annleis og korleis du prioriterar tida di. Vi har alle 24 timar i døgnet. Det er kanskje noko av det mest rettferdige som er 😉
  • Kosthald – kanskje ta ein januar med mindre/ingen sukker og mindre/ingen alkohol? Mange gjer dette, då dei kjenner at det gjer godt etter mykje “fråtsing” i jula. Kjenner du deg sliten og slapp? Ta ein tur til fastlegen å få tatt blodprøve for å sjekke om du kan ha nokre vitamin-manglar etc. Slik du ikkje tek tilskot som du ikkje treng. Får du i deg nok D-vitamin no i vinterhalvåret? Dette er særs viktig for immunforsvaret vårt, energien vår (kan føre til trøttheit/slappheit), muskel-skjellettplager etc.

Vi er her og er klare for å hjelpe deg å gjere dei grepa du vil gjere! Vi kan støtte deg i å kome i gong med;

  • Trening og aktivitet, – fysioterapi og treningssenter (200,-/mnd no i JANUAR). Vår fysioterapeut stiller også opp GRATIS for rettleiing og oppfølging på trening i treningsavdelinga våra.
  • Som pasient kan du trene GRATIS ifbm behandling.
  • Kiropraktor Marianne Kriken utvidar mandagene og har ettermiddags ope (fram til 17.15).
  • Ny runde med STYRKE og BALANSE gruppe med vår herlege fysioterapeut. Garantert god stemning 🙂
  • GRATIS GodMorgon Pust Mandag og Onsdager frå 07.15 – 07.45 med Marit Rakel Bjørdal. For alle!
  • Få ned spenningar gjennom stressmeistring og feks. massasje, pilates og yoga.
  • Førebyggande og smertebehandling med kiropraktor, fysioterapeut og massør.
  • Hjelpe deg å sette opp eit tverrfagleg tilbod, som er skreddersydd til deg og dine plager/behov.
  • Henvise deg vidare til legespesialist og sjukemelde, om dette trengst.
  • Vil din arbeidsplass tilby massasje på arbeidsplassen eller eit gratis helseforedrag om korleis førebygge sjukefråver? Ta kontakt med oss!
  • Sjekk nyhende på timeplanen til Optimal Yoga og Pilates her

Vi ønsker deg og 2020 hjarteleg velkommen! Hugs; Kroppen din kan! 

Bestill time her

Eller ring på 700 66465.