VI ER I GONG IGJEN!

by
VI ER I GONG IGJEN!

 

 

Endeleg er vi i gong igjen!! 

Mandag 20.April kan vi opne klinikken igjen for pasientar. Dette er noko vi har sett fram til lenge. Legevakta har sett eit aukande antall med pasientar med muskelskjelett og nervesystem – plager, som dei seier vanlegvis får god hjelp hjå oss. I Oslo har til dømes ei gruppe med kiropraktorar no hatt fritak til å jobbe på legevakta der – for å behandle ansatte ved legevakta og pasienter som fell under “vår gruppe”.

Vi gler oss no til å hjelpe pasientar igjen   – samt samarbeide med lege/legevakt til det beste for pasienten. Vi kan henvise til spesialist, sjukemelde, henvise til RTG/MR o.l.

Vi følger sjølvsagt dei smittervernstiltaka som er satt, og du skal kjenne deg 100% trygg i behandling hjå oss. Meir info får du når du kjem til klinikken/på tlf/mail. Vi setter opp god tid mellom kvar pasient for å følge dette nøye.

Frå 20.April er kiropraktor og fysioterapeut klare for å hjelpe deg, 27. April er vår massør Tommy klar igjen! Vi har allereie ganske fulle dagar, og i og med at vi ser litt færre pasientar pr dag grunna desse tiltaka (nyttar meir tid pr pasient) så hiv deg rundt å bestill time her om du vil ha hjelp.

Ta kontakt med oss på 700 66465, sms på 950 88 330 eller på mail/melding via sosiale media (Optimal Helseklinikk er på Facebook og Instagram).

Ønsker alle ein strålande dag!

Optimal helsing frå alle oss 🙂