Vi kan rygg – hjå oss er du trygg :) MEN vi ser også mykje skuldre, anklar, handledd, kne og svimmelheit!

by
Vi kan rygg – hjå oss er du trygg :) MEN vi ser også mykje skuldre, anklar, handledd, kne og svimmelheit!

Vi kan rygg – hjå oss er du trygg! MEN vi ser også mykje skuldre, anklar, handledd, kne og svimmelheit!

  

Kiropraktorar tenker ein kanskje jobbar med med rygg, men vi ser så mykje anna også. Heile kroppen faktisk! Kne, hofte, ankel, alboge, handledd, skuldre, nakke – men også hovudverk, bekkenleddsmerter, svimmelheit etc. Dette er noko av det vi ser mest av.

 

👐 Visste du at kiropraktoren har 6 år utdanning innan muskel-skjelett og nervesystem?

👐 Kiropraktoren er offentleg godkjent helsepersonell og primærkontakt?

👐 Kan henvise deg vidare til legespesialist, fysioterapi eller billeddiagnostisk undersøking som røntgen, MR og CT?

👐 Sjukemelde ved behov inntil 12 veker.

👐 Utføre undersøking og behandling med refusjon utan henvisning frå lege.

Vi veit at du har det betre, og ein auka livskvalitet om du får vere i rørsle slik DU ønskar. Og der er vi ulike. Vårt mål er å hjelpe deg best mogleg, slik du kan optimalisere di helse – etter dine behov. Difor er vi opptekne av å nytte god tid, gjere grundig undersøking og evt arbeide tverrfagleg om det er det som vil hjelpe deg best, for raskast resultat. Vi veit at alle har betre effekt av behandling om enn gjer spesifikke øvingar i tillegg til behandling. Difor får alle våre pasientar GRATIS trening i treningsavdelinga – så lenge ein er pasient hjå oss. Fordi vi vil at du skal bli bra og få det betre 🙂

 

Start roleg – slapp litt av :)

by
Start roleg – slapp litt av :)
Nytt år – nye muligheiter?!
Vel, eigentleg er vel kvar dag ei nye gåve ✨ Mange sett seg nye mål og nyttårsforsett. Det kan vere fint det om e klarer å halde på.
Kan det skape meir stress i ei overgangsfase frå ferie til kvardag?
Våre tips er;
✨ Ta det roleg første veka – eller vekene om du treng.
✨ Lytt å kjenn kva DU treng.
✨ Endring krev overskot – gjer gode val som gir deg overskot på sikt, – gode val vert på sikt ein god vane.
✨ Ikkje ver hard med deg sjølv om du ikkje klarer det – det er heilt ok.
✨ For monge endringar på ein gong kan gjere det vanskeleg – gjer maks eit par no i starten. Slik vert det kjekkare å heller mestre – og auke gradvis på, enn å gå på ein «smell»/skade/«leidebyga». Litt er alltid 100% betre enn ingenting!
Slapp av – du er god nok som du er✨ Å utvikle seg er bra – men ikkje om det går utover livskvaliteten og skaper meir stress, skam og skuldkjensle.
✨ Start roleg – mange små steg blir til slutt eit stort steg 👍
Lykke til med å legge lista lågt 😉
#helse #livskvalitet #godnok #endring #val #vanar #kiropraktor #kliniskernæringsfysiolog #fysioterapi #massasje #trening #etlivibevegelse #unngåskade #førebygg
Ta kontakt om du treng hjelp med oss til å på sikt nå ditt mål ✨ #hovud #skulder #kne og #tå (og rygg etc. Ja, heile deg!)