Er du vår nye, optimale kollega?
Vi søker etter Optimal Massør!
Då vår massør skal flytte til dama i Bergen, søker vi no etter engasjert og blid massør/massasjeterapeut!
Vi ser etter deg som;
– har gode samarbeidsevner og er ein lagspelar, god kommunikator og relasjonsbyggar – har godt humør og evne til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø. Du er fleksibel, lærevillig og har høg arbeidskapasitet – er fagleg engasjert, utviklingsorientert og har gode evner til problemløysing. Du likar å vere innovativ og løysingsorientert.
Vi er;
– Ein gjeng som er brennande engasjert for å hjelpe folk og vere i bevegelse på sin måte, etter sine behov. Difor jobbar vi tverrfagleg, for å kunne tilby det som er til pasientens beste. Vårt mål er å bidra til ein auka livskvalitet gjennom bevegelsesglede og meistring.
Optimal Helseklinikk har mange avtalar med bedrifter og idrettslag – arbeids kvardagen er variert👍 Ikkje minst; vi har det utruleg kjekt på jobb!
OG; vi kan by på verdas flottaste natur – sommar som vinter🤩 👍 Kanskje Norges vakraste leikegrind frå fjord til tind👌
Noko for deg eller nokon du kjenner? Du kan vere massør, massasjeterapeut, fysioterapeut som likar å jobbe med muskelterapi etc.
Stillingsprosenten er fleksibel.
Søknadsfrist: 18. Februar.
For meir info/sende søknad og cv: kontakt@optimalhelseklinikk.no
Tlf 700 66465.
Del gjerne!