Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Ein ny studie publisert i tidsskriftet BMJ Open Sport and Exercise Medicine har samanlikna kirurgi, placebo-kirurgi (sham) og trening som behandling for tendinopatiar. Forfattarane anbefalar veileda styrketrening (loading exercises) i minst 12 mnd. før kirurgi skal vurderast.

 

Tendinopati, eller senelidingar, står for omlag 30% av alle muskel- og skjelettkonsultasjonar i primærhelsetjenesta. Det finst imidlertid ingen klare anbefalingar for behandling av desse lidingane. I denne studien ønska forfattaren å samanlikne effekta av kirurgi, placebo-kirurgi og ikkje-kirurgiske alternativ i behandling av tendinopatiar. Tendinopatiar er eit resultat av overbelastning over tid.

 

Undersøkinga, som var ein litteraturstudie, inkluderte totalt 12 randomiserte kontrollerte studier med til saman 1051 pasientar.

 

Forskarane fann ikkje evidens for at kirurgi var bedre enn treningsbaserte behandlingsalternativ for pasientar med tendinopati. For tendinopatiar i skulderen fann ein ingen forskjell i utfall mellom kirurgi og trening etter 12 mnd. oppfølging. Kirurgi såg ut til å ha ein effekt samanlikna med ingen behandling, men dersom ein samanlikna med placebo-kirurgi var resultata det samme.

 

På bakgrunn av desse resultata anbefalar forskarane at kirurgi først vurderast etter 12 mnd. med styrketrening.

https://bmjopensem.bmj.com/content/bmjosem/5/1/e000528.full.pdf