Din livskvalitet er viktig for oss!

by


 

 

 

 

 

 

 

Din livskvalitet er viktig for oss!

Optimal Helseklinikk har eit treningssenter i dei samme lokala som klinikken. Du er velkommen til å vere medlem om du er pasient eller ei. Våre dyktige behandlarar og vår smilande Marita i resepsjonen står alle på for at du skal trivast hos oss.

Fysisk aktivitet har mange positive effekter på helsa vår. I tillegg til at kroppen blir sterkare slik at ein taklar utfordringane i kvardagen lettare kan fysisk aktivitet:vere ei kjelde til glede

  • auke livsutfoldingar
  • positive mestringsopplevingar
  • redusere stress
  • gi energi og meir overskudd i kvardagen
  • bedre sjølvbilde og sjølvtillit
  • bedre søvn
  • kan redusere angst og depresjon
  • gi eit sosialt fellesskap

 

Vi på Optimal Helseklinikk er opptekne av kvalitet, både i trening og i livet. Hos oss skal du oppleve tryggleik og meistring. Vi har fysioterapeutar som kan setje opp eit individuelt tilpassa treningsprogram ut frå dine behov og mål. Det kan til dømes vere rehabilitering i forhold til ein skade, auka aktivitetsnivået, betre balanse, bli sterkare, eller gå ned/opp i vekt. Som pasient får du øvelsar etter dine svakheiter og styrker, der ein tar hensyn til problemstilling og smertenivå. Dette blir kartlagt i ein funksjonsundersøkelse. Om du ikkje er pasient, kan du òg få dette tilbudet.

Ein annan måte å setje opp treningsprogram og måle progresjon på er ved å ta ein FMS-test (Functional Movement Screening). Dette er ein test som består av 10 testar innan stabilitet, styrke, mobilitet og balanse. Ut frå resultata setjer fysioterapeuten opp eit treningsprogram som ein trenar fram til ein re-test etter 6 – og 12 – veker. Ein slik test kan vere bevisstgjerande og motiverande for å få til ei endring.

Er du glad i gruppetimar har vi Yoga og Pilates. Timane varierar frå roleg til meir avansert, samt eigne herregrupper. Har du ikkje prøvd Yoga eller Pilates før og er nyfiken på dette kan du delta på ein gratis prøvetime. Vi har òg 10 vekers kurs-grupper innen yoga, frisk rygg og mor/barn-trening.

Treningssenteret er delt inn i to avd. Eine avdelinga har ulike styrkeapparat, tredemøller, sykkel, og vekter. Den andre avdelinga er ein treningssal med slynger, og god plass til trening med balanseputer, pilatesballer og anna etter behov.

 

 

Nokre råd for å kome i gong:

1. Sett deg konkrete mål. Bestem deg for kva du ønskjer å oppnå innen ein satt tidsfrist.

2. Finn ein aktivitet du likar. Det er lettare å gjennomføre treningsøkta dersom du likar det du held på med. Ulike aktivitetar kan vere styrketrening, uthaldenheitstrening, dans, yoga, pilates, svømming, padling, klatring, fjellturar, boksing, karate, mm..

3. Skaff deg ein treningspartnar og gjer avtalar. Forpliktelsar gjer det vanskelegare å droppe trening.

4. Planlegg treninga. Lag vekeplanar. Planlegger du treningsveka i forkant, blir det lettare å følge planen.

5. Skaff deg kunnskap om trening. Få grundig opplæring av treningsveiledar, både styrketrening og kondisjonstrening. Finn ut kva belastning og intensitet du skal trene med.

6. Sliter du med motivasjon? Ta nokre timar med fysioterapeut, for inspirasjon og oppfølging, slik at du får eit lite spark bak til å verkeleg komme i gang!

7. Hugs kvardagsaktivitet! Få kroppen i gang ved å legge inn kvardagsmosjon som til dømes å ta trappa i staden for heisa, ta sykkelen til jobb, stå på ein fot medan du pussar tennene.

 

Ordinær medlemspris: 249 kr pr. mnd. (Gir tilgang til treningssenteret og salen, ikkje gruppetimar)
Ingen bindingstid.
Nøkkelkort: 150 kr (åpent 06.00 – 23.00)

Yoga og pilates:
– klippekort 10 klipp: 1750 kr
– drop-in: 200 kr
– medlemsskap 3 mnd.: 2997 kr
– medlemsskap 6 mnd.: 999 kr pr. mnd. (totalt 5994 kr)
Vi tilbyr gratis prøvetime på yoga og pilates.

 

 

Plager og smerter? Skal eg til kiropraktor, lege eller fysioterapeut?

by
Plager og smerter? Skal eg til kiropraktor, lege eller fysioterapeut?

Kven skal eg oppsøke? Lege, kiropraktor eller fysioterapeut?

 

Kva er den beste behandlinga for ryggplager og kven skal eg velje?

Dette er eit spørsmål vi ofte får og mange opplever nok at når de søkjer på internett “smerter i ryggen” kjem det mange aktørar og råd om kva ein kan gjere for å bli fort frisk. Mange spør seg nok om kva behandlingsform eg burde velje og kva som er mest effektivt.

 

Kva seier forskninga?

Kva seier forskninga om kva behandlinga ein skal velje? Skal ein til lege, fysioterapeut eller kiropraktor når ein har smerter i ryggen?

Ein nyare studie publisert i det velkjende helsetidsskriftet Journal of the American Medical Association (JAMA) har forska på nettopp dette (1).

Dette er ein randomisert klinisk studie som var gjennomført i USA  frå 2012 til 2016. Ei gruppe på 750 deltakarar i aldersgruppa 18-50 år vart inkludert i studia. Deltakarane vart fordelt på to grupper der dei vart tildelt ulike intervensjonar.

Intervensjonen varte i seks veker:

  • Den eine gruppa fekk tilbod om smertelindrande medisinar, råd om eigenaktivitet, fysioterapi og henvisning til smerteklinikk.
  • Den andre gruppa fekk tilbud om de samme smertelindrande medisinane, råd om eigenaktivitet, fysioterapi, henvisning til smerteklinikk i tillegg til opptil 12 behandlingar hjå kiropraktor over seks veker.

Respons til intervensjon vart målt i:

  • smerteskala på 0-10 der 10 var verste smertane ein kan tenkje seg.
  • funksjonsskala på 0-24 der 24 var betydeleg reduksjon av bevegelse og funksjon.
  • subjektiv oppleving av endringar/forbedring fra 0-10, der 10 var “svært nøgd”.
  • rapportert bruk av medisin.

Kva vart resultatet?

Denne studia fann at gruppa som mottok kiropraktisk behandling i tillegg til ordinær medisinsk hjelp, råd og behandling hadde ei større forbedring enn gruppa som ikkje fekk kiropraktisk behandling.

Gruppa som fekk kiropraktisk behandling hadde ei statistisk signifikant bedring på smerte- og funksjonsskala samt oppleving av subjektiv forbedring. Dei rapporterte også mindre bruk av medisinar.

Denne studia konkluderte med at det er ein fordel å få kiropraktisk behandling i kombinasjon med vanlig medisinske råd, samt fysioterapi for behandling av ryggplager.

 

Kva er konklusjonen?

Forskninga gir tydeleg uttrykk for at ein kombinasjon av alle fungerar betre, samanlikna med når ein kun oppsøkjer ein av profesjonane.

Som det er med all forskning ønskjer ein gjerne fleire studiar for å dokumentere kva som er det beste tiltaket for pasientane, men denne studia syner i alle fall høveleg det vi erfarar til dagleg. Ein kombinasjon av fleire tiltak på ein gong er ofte det beste for pasientene.

Vi fokuserar derfor mye på tett samhandling og kommunikasjon med fastlegen din. I tillegg fokuserer vi på trening og heimeøvingar som kan gjøres hjemme for å lette plagene dine. I tilfeller der det er behov for rehabilitering med tett oppfølging samarbeider vi med fysioterapeuten vår på klinikken.

Vi på Optimal Helseklinikk erfarar at i det lange løp er det oftast ein kombinasjon av flere tiltak som held deg fri frå ryggplager.

20% på all massasje med Tommy til og med 21.desember

by

 

Vi køyrer 20% på all massasje med Tommy som vert bestilt og gjennomført frå og med i dag, til og med 21. desember.

Unn deg sjølv eller andre ein god massasje no før jul.

Du kan velje mellom behandling på 30, 45 og 60 minutter.

I tillegg til avslappande og djuptgående massasje tilrettelagt dine behov, har Tommy supplert med vakuum-kopper til behandlinga si.

For bestilling trykk her

GRATIS Helseforedrag!

by

GRATIS Helseforedrag!

Vi på Optimal Helseklinikk tilbyr gratis helseforedrag for pasientar og bedrifter.

Målet vårt med helseforedraget er å spre kunnskap slik at den enkelte kan;

  • ta gode valg i kvardagen
  • fremme eiga helse
  • mindre smerter
  • betre funksjon
  • auka livskvalitet

 

Helsa vår består av fleire faktorar, det fysiske, mentale, sosiale og kjemiske. I kvardagen blir desse faktorane påverka på ulike måtar. I helseforedraget skal vi ta for oss nokre av desse. Vi snakkar om korleis kroppen er oppbygd med nervesystem og muskulatur, og kva som skjer ved ein skade. Vi skal òg ta for oss korleis stress, kosthald og restitusjon/meditasjon påverkar helsa og kva førebyggjande tiltak ein kan gjere.

 


 

«Prioriter tid til helse i dag, så unngår du å bruke tid på sjukdom i morga»

 

 

GRATULERER TIL MARIUS!!

by
GRATULERER TIL MARIUS!!

Gratulerer så mykje til vår kiropraktor Marius Hodt, som har bestått Grunnkurs i Idrettmedisin, Trinn 2. Dette er vi stolte av! Marius er den ein av dei få på Søre Sunnmøre som har bestått og tatt dette prestisjetunge (innan idrettsmedisinsk verden) kurset – Trinn 2. Det gjer at han vert å finne på skade-telefon for idrettskader.

Er du utøver eller trenar? Har du spørsmål innan dette? Ta kontakt med oss! Marius kan både halde foredrag/kurs på ulike tema og sjølvsagt foreslå godt dokumenterte og trygge tiltak for ulike typer idrettskader.

Vi har også eit tverrfagleg team som står klar for å spele deg så god som du vil bli!

Vil du bestille time hos Marius? Trykk her


Møt vår NYE MASSØR – Tommy :)

by
Møt vår NYE MASSØR – Tommy :)

Tommy Haga fra Sandnes, født 1992

Møt vår nye, spreke, engasjerte massør!

Tommy gikk Bachelor i Idrett og Kroppsøving + Praktisk Pedagogikk (PPU) i Sogndal fra 2012 til 2016.

Han var friidrettstrener i Sogndal og kursholder/instruktør for løpetrening i Sogn og Stryn fra 2013 til 2017.

Startet som Via ferrata guide i Loen i 2015, og har kommet tilbake hvert år siden.

Løper ultra terrengløp med spesialdistanse på 50-100km, ønsker å utforske 100-170km løp de kommende årene.

Er veldig glad i å reise rundt i verden, ofte med løpe sko i sekken og i forbindelse med konkurranser.

Startet massasje utdanningen fordi han ble nysgjerrig på kombinasjonen av egen erfaring innen idrett, idrettsutdanningen og det givende arbeidet med å jobbe med mennesker og hjelpe andre.

Interessert i de fysiologiske effektene massasje har på kroppen, og den avslappende effekten massasje gir i kropp og sinn.

Tommy tar stadig vekk nye kurs og videreutdanning for å tilegne seg mer kunnskap og erfaring innen yrket.

Vi på Optimal er glade og stolte av å ha Tommy på laget –  vi gler oss til fortsettelsen 🙂 Håper DU vil nytte deg av tilbodet! 

Trykk her for å bestille time eller ring 700 66465.  Så skreddersyr Tommy massasjen etter dine ønsker, etter ditt behov.

Vel Møtt! 

50% PÅ MASSASJE før 1.nov!

by
50% PÅ MASSASJE før 1.nov!

Vi veks!

Optimal feirar at vi styrkar det tverrfaglege teamet.  1. november startar massør Tommy Haga hos oss og i den forbindelse kjører vi 50% på alt av MASSASJE som vert bestilt før 1.november!

Tommy har tatt utdanning med Balanz massasje skole, og det er ei brei utdanning som inkluderar;

  • Velværer massasje
  • Muskelterapi
  • Muskelstretching
  • Vakumterapi / kopping
  • Balanz bedriftsmassasje

Han gler seg og er kjempe motivert til å kome i gong!

Perfekt å gi ei deilig massasje i gåve til ein du er glad i, eller deg sjølv 🙂 Massasjen må vere i 2018.

Du bestemmer sjølv fokusområdet. Feks nakke – skuldre – rygg – ansikt, etc.

Ta kontakt på 700 66465 eller ; trykk her

Førebygging hjelper!

by
Førebygging hjelper!

Endeleg har det komt god forskning som syner at førebyggande kiropraktisk behandling hjelper. Vi som har jobba i nokre år har sett dette i vår daglege praksis; fleire som har hatt kroniske ryggplager i t.d. 20 år – har fått ein mykje betre rygg og kvardag, ved å heller kome til ein førebyggande kontroll og sjekk. Slik som ein går til tannlegen helst FØR hullet i tanna kjem. Dette syner seg også å vere meir kost – effektivt då ein treng færre behandlingar grunna at ein ikkje har satt i gong kroppens betendelses – mekanismer på same måte. Når smertene er der, har allereie kroppen jobba på overtid lenge med å prøve og rette opp i “feilen”. På denne måten verte det ofte kompensatoriske rørslemønster, som igjen gjer at plagene forplantar seg til andre stader i kroppen.

 

Dei som går til førebyggande behandling i ny og ne, unngår ofte desse akutte episodene som dei tidlegare har hatt. Dei akutte og kraftige episodene, resulterar også oftare i sjukefråver. I tillegg krever dei som regel fleire behandlingar, då dette er noko som har bygd seg opp over tid.

 

Visst du at 60% av nervesignalet frå eit område må vere redusert for at kroppen skal oppfatte det som smerte? Det betyr at det må vere betydeleg nedsatt funksjon før ein opplevere smertene og symptoma kjem.

 

Vi elskar å jobbe førebyggande!! Med både behandling, øvingar og aktivitet! For at Du skal få ein betre kvardag!

Vi garanterar behandling innan 24 timar 🙂 Vi tek oss av ditt forsikringsoppgjer då vi har direkte avtale med alle helseforsikringar.

For å bestille trykk her.

For å lese forskninga – trykk her. 

 

Informasjon om våre tjenestar

by
Informasjon om våre tjenestar

 

HAUSTEN PÅ OPTIMAL

by
HAUSTEN PÅ OPTIMAL

Haustsesongen står for døra – og det er ein fin tid til å kome i gong med gode rutiner igjen 🙂 Vi har godt av ferie – av å sleppe rutinene litt, og dei fleste av oss synest også det er godt å kome attende til ein viss struktur i kvardagen vår.

Ver no då bevisst på å gjere gode val for deg sjølv og dei rundt deg. Fyller du på lagra? Set du av tid til helse? Slik slepp du kanskje å sette av tid til sjukdom, heiter det seg. Og det er noko i det. Slik har vi også meir å gi til dei rundt oss. Vi har alle 24 timar i døgnet og vi kan til ei viss grad velge iallefall nokre av prioriteringane våre.

Denne hausten har vi fleire gode tilbod til deg som vil gjere nokre gode val for deg sjølv 🙂

  • Optimal Rygg – ein ryggskule med funksjonelle testar før og etter kurs, med tilhøyrande teori og kompendium. Rettleia av dyktig og hyggelig fysioterapeut!
  • Mor og Barn trening – kom i form i lag med barnet ditt! Leik og trening som hand i hanske 😉
  • Ashtanga Nybyrjar – Oppstart tysdag 28. august.
  • Venneveke – startar 20.august – ta med ein venn å få fri pilates eller yoga time.
  • Open dag – gratis klasser og foredrag 25.august!

FOR MEIR INFORMASJON; sjå arrangementa på Optimal Helseklinikk eller Optimal Yoga og Pilates på facebook – samt vår nettbestilling for å tinge plass! For spørsmål; kontakt@optimalhelseklinikk.no eller tlf 700 66465.

Vi gler oss til hausten og til dei gode rutinene som gir overskudd i kvardagen 🙂

TRYKK PÅ TIMEPLAN FOR Å SJÅ DEN STOR! ;