Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

I kvardagen er vi avhengige av kroppsbalanse i alt vi gjer. Dette gjelder når vi sitter, står, går, springer, står på ski/skøyter, kastar ball, går på glattisen, osv.

Balanse kan definerast som evnen til å justere kroppen mot tyngdekraften for å opprettholde eller bevege kroppen innenfor den tilgjengelege understøttelsesflata uten å falle. For å få til dette er ein avhengig av eit samspel mellom fleire sansar som gir tilstrekkeleg informasjon til hjerna (som er kontrollorganet).

Sansane som er viktig for balansen er:

  • Synet: viktig for korleis vi oppfattar det som er rundt oss og om korppen sin posisjon i forhold til dette.

  • Likevektsorganet i det indre øyret: gir informasjon om kva posisojn hovudet har og rotasjonsbevegelse i tre plan.

  • Proprioseptorer: sansar i musklar og ledd som fortel kva posisjon og bevegelse ein har i leddet og musklane.

  • Hudreseptorer: gjennom trykk får ein informasjon om kroppen si stilling og tyngdepunktet sin posisjon.

Det er individuelle forskjellar mellom kva for sansekjelde ein vektlegger mest. Mangel på informasjon frå ein sans kan til ein viss grad kompenserast av ein annan. Til dømes kan nedsatt leddsans kompenserast delvis med synet. Synet er ikkje ei nødvendig forutsetning for balanse dersom dei andre sansane fungerer.

I tillegg til sansane treng ein òg muskelstyrke for å holde balansen. Dersom muskelane ikkje er sterke og raske nok til å utvikle store momenter i vektbærande ledd hjelper det lite at dei andre balansesansane kjem med informasjon.

Så, korleis kan ein trene balanse?

Balanse er eit samspel av ulike faktorar. Desse faktorane kan ein justere og dermed utfordre balansen gradvis:

  • Understøttelsesflata: Her kan ein stå med breide bein, eller ein fot. Dette påverkar arealet som kroppens tyngdepunkt kan bevege seg innanfor utan at ein mister balansen.

  • Underlaget: Her kan ein justere mellom hardt, mjukt og ujamt underlag. Hardt underlag er lettare enn mjukt.

  • Lukke augene: Når ein lukker augene må dei andre sansekjeldene gi informasjon til hjerna kva posisjon kroppen er i og kva stilling han er på vei til.

  • Samtidig bevegelse: Meir eller mindre krevande bevegelsesmønstrer. Dette utfordrer til dømes romorientering og rytme.

Korleis kan ein teste balansen?

Du kan enkelt teste din eigen balanse. Prøv først med åpne auger og så med lukka auger. Kjenn etter kva som skjer med bevegelsane.

  • Stå med samla føtter.

  • Stå på linje med hælen mot stortåa.

  • Stå på ein fot.

  • Stå på ein fot på 1-2 puter.

  • Gå på ei linje og trekk 3 frå 100 (97-94-91 osv)