Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her


 

 

 

 

 

 

 

Din livskvalitet er viktig for oss!

Optimal Helseklinikk har eit treningssenter i dei samme lokala som klinikken. Du er velkommen til å vere medlem om du er pasient eller ei. Våre dyktige behandlarar og vår smilande Marita i resepsjonen står alle på for at du skal trivast hos oss.

Fysisk aktivitet har mange positive effekter på helsa vår. I tillegg til at kroppen blir sterkare slik at ein taklar utfordringane i kvardagen lettare kan fysisk aktivitet:vere ei kjelde til glede

  • auke livsutfoldingar
  • positive mestringsopplevingar
  • redusere stress
  • gi energi og meir overskudd i kvardagen
  • bedre sjølvbilde og sjølvtillit
  • bedre søvn
  • kan redusere angst og depresjon
  • gi eit sosialt fellesskap

 

Vi på Optimal Helseklinikk er opptekne av kvalitet, både i trening og i livet. Hos oss skal du oppleve tryggleik og meistring. Vi har fysioterapeutar som kan setje opp eit individuelt tilpassa treningsprogram ut frå dine behov og mål. Det kan til dømes vere rehabilitering i forhold til ein skade, auka aktivitetsnivået, betre balanse, bli sterkare, eller gå ned/opp i vekt. Som pasient får du øvelsar etter dine svakheiter og styrker, der ein tar hensyn til problemstilling og smertenivå. Dette blir kartlagt i ein funksjonsundersøkelse. Om du ikkje er pasient, kan du òg få dette tilbudet.

Ein annan måte å setje opp treningsprogram og måle progresjon på er ved å ta ein FMS-test (Functional Movement Screening). Dette er ein test som består av 10 testar innan stabilitet, styrke, mobilitet og balanse. Ut frå resultata setjer fysioterapeuten opp eit treningsprogram som ein trenar fram til ein re-test etter 6 – og 12 – veker. Ein slik test kan vere bevisstgjerande og motiverande for å få til ei endring.

Er du glad i gruppetimar har vi Yoga og Pilates. Timane varierar frå roleg til meir avansert, samt eigne herregrupper. Har du ikkje prøvd Yoga eller Pilates før og er nyfiken på dette kan du delta på ein gratis prøvetime. Vi har òg 10 vekers kurs-grupper innen yoga, frisk rygg og mor/barn-trening.

Treningssenteret er delt inn i to avd. Eine avdelinga har ulike styrkeapparat, tredemøller, sykkel, og vekter. Den andre avdelinga er ein treningssal med slynger, og god plass til trening med balanseputer, pilatesballer og anna etter behov.

 

 

Nokre råd for å kome i gong:

1. Sett deg konkrete mål. Bestem deg for kva du ønskjer å oppnå innen ein satt tidsfrist.

2. Finn ein aktivitet du likar. Det er lettare å gjennomføre treningsøkta dersom du likar det du held på med. Ulike aktivitetar kan vere styrketrening, uthaldenheitstrening, dans, yoga, pilates, svømming, padling, klatring, fjellturar, boksing, karate, mm..

3. Skaff deg ein treningspartnar og gjer avtalar. Forpliktelsar gjer det vanskelegare å droppe trening.

4. Planlegg treninga. Lag vekeplanar. Planlegger du treningsveka i forkant, blir det lettare å følge planen.

5. Skaff deg kunnskap om trening. Få grundig opplæring av treningsveiledar, både styrketrening og kondisjonstrening. Finn ut kva belastning og intensitet du skal trene med.

6. Sliter du med motivasjon? Ta nokre timar med fysioterapeut, for inspirasjon og oppfølging, slik at du får eit lite spark bak til å verkeleg komme i gang!

7. Hugs kvardagsaktivitet! Få kroppen i gang ved å legge inn kvardagsmosjon som til dømes å ta trappa i staden for heisa, ta sykkelen til jobb, stå på ein fot medan du pussar tennene.

 

Ordinær medlemspris: 249 kr pr. mnd. (Gir tilgang til treningssenteret og salen, ikkje gruppetimar)
Ingen bindingstid.
Nøkkelkort: 150 kr (åpent 06.00 – 23.00)

Yoga og pilates:
– klippekort 10 klipp: 1750 kr
– drop-in: 200 kr
– medlemsskap 3 mnd.: 2997 kr
– medlemsskap 6 mnd.: 999 kr pr. mnd. (totalt 5994 kr)
Vi tilbyr gratis prøvetime på yoga og pilates.