Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Ein fot – fleire føtter :) Mange knoklar og bein ;)

Viste du at det er 52 bein i ankel og forfot?

No i fottur-sesongen er det diverre ein del overtrakk og plager relatert til dette området. Både fysioterapeut og kiropraktor har god kunnskap til smerter i dette området, og det er fleire øvelsar ein kan gjere for å prøve å unngå slike plager. Det å fremje godt samspel mellom ledd, bein, leddband og muskulatur gjer at mange vert raskare kvitt sine plager. Slik kan ein gjenoppta sin ønskelege aktivitet raskare. Tilstandar vi ofte ser er;

  • Overtrakk
  • Plantar-fascitt
  • Beinhinnebetendelse
  • Plager relatert til fot-stilling (som t.d. plattfot)
  • Akilles- betendelse
  • Hel og tå-smerter.

Kiropraktorane hjå oss er særs interessert i føtter, og brukar teknikkar får å auke leddspelet – samt massasje og nåler, evt trykkbølge behandling ved kroniske betendelsar. Ein sjekkar heile bevegelses-kjeda; – frå topp til tå.

 

 

 

Fysioterapeutane jobbar muskulært, – mobiliserar, nyttar tape om naudsynt, og er utdanna til å gjere gode gang/løps-analyser (nyttar tredmølla og salen her) andre testar for å kartlegge om ein innleggsole kunne ha hjulpe. Så gir dei styrkande og stabiliserande øvingar som er skreddersydd nettopp deg. Fordi vi er alle ulike og treng ulik oppfølging.

Ta kontakt med oss på tlf 700 66467 eller bestill på nett her 

– Vi er på klinikken gjennom sommarferien for å kunne bistå dersom det er behov for behandling/vurdering – Vi jobbar i tverrfagleg team for å hjelpe deg – på din måte 🙂