Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

HAUSTEN PÅ OPTIMAL

Haustsesongen står for døra – og det er ein fin tid til å kome i gong med gode rutiner igjen 🙂 Vi har godt av ferie – av å sleppe rutinene litt, og dei fleste av oss synest også det er godt å kome attende til ein viss struktur i kvardagen vår.

Ver no då bevisst på å gjere gode val for deg sjølv og dei rundt deg. Fyller du på lagra? Set du av tid til helse? Slik slepp du kanskje å sette av tid til sjukdom, heiter det seg. Og det er noko i det. Slik har vi også meir å gi til dei rundt oss. Vi har alle 24 timar i døgnet og vi kan til ei viss grad velge iallefall nokre av prioriteringane våre.

Denne hausten har vi fleire gode tilbod til deg som vil gjere nokre gode val for deg sjølv 🙂

  • Optimal Rygg – ein ryggskule med funksjonelle testar før og etter kurs, med tilhøyrande teori og kompendium. Rettleia av dyktig og hyggelig fysioterapeut!
  • Mor og Barn trening – kom i form i lag med barnet ditt! Leik og trening som hand i hanske 😉
  • Ashtanga Nybyrjar – Oppstart tysdag 28. august.
  • Venneveke – startar 20.august – ta med ein venn å få fri pilates eller yoga time.
  • Open dag – gratis klasser og foredrag 25.august!

FOR MEIR INFORMASJON; sjå arrangementa på Optimal Helseklinikk eller Optimal Yoga og Pilates på facebook – samt vår nettbestilling for å tinge plass! For spørsmål; kontakt@optimalhelseklinikk.no eller tlf 700 66465.

Vi gler oss til hausten og til dei gode rutinene som gir overskudd i kvardagen 🙂

TRYKK PÅ TIMEPLAN FOR Å SJÅ DEN STOR! ;