Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Vi er så glade for å kunne dele at klinisk ernæringsfysiolog Kari Brandal skal starte på Optimal! Ho blir her torsdagar, med oppstart 14. Januar!

 

Dette er eit unikt tilbod for vårt området 🙂 Kari har ei mastergrad i klinisk ernæring og er autorisert helsepersonell.

Kven er Kari? Kva er ein klinisk ernæringsfysiolog? Her kjem ein liten presentasjon om Kari:

Mitt namn er Kari Brandal og eg er utdanna klinisk ernæringsfysiolog, med bachelorgrad frå Universitetet i Bergen (2008) og mastergrad frå Universitetet i Oslo (2012). I tillegg har eg praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) frå Nord Universitet (2020).

Masteroppgåva mi omhandla overspisingslidelse og hormonell appetittregulering blant personar med sjukeleg overvekt, og eg skreiv den i samarbeid med avdeling for preventiv kardiologi ved Oslo Universitetssykehus.

Eg har arbeidserfaring frå sjukehus, privat næringsliv, undervisningssektoren og den kommunale helsestasjonstenesta, og ein raud tråd i mitt arbeid er formidling og undervisning. Eg har jobba mykje med førebyggande helsearbeid og har geniun tru på tidleg innsats.

I min noverande jobb på helsestasjon jobbar eg med ulike ernæringsrelaterte problemstillingar som matvareallergi, spiseforstyrrelsar, særspising, undervekt og overvekt. Oppfølging av barn og unge sine familiar med omsyn til overvekt og fedme utgjer ein stor del av min arbeidskvardag, og er eit felt eg har opparbeidd meg god erfaring på.

Gravide med overvekt er også ei gruppe som får tilbod om oppfølging hos meg gjennom svangerskapet, samt i ei periode etter fødsel.

Som person er eg utadvent og engasjert, eg likar ein god diskusjon og trivst i eit dynamisk og levande miljø. Eg er på mange måtar eit kvardagsmenneske, og har klokketru på den gyldne middelveg som stien til god helse. Saman med eit regelmessig og variert kosthold, er eg opptatt av fysisk aktivitet som ein svært viktig brikke for betre fysisk og psykisk helse. På fritida mi likar eg å trene og gå på fjellet, samt at eg har vore trenar innanfor gymnastikk og turn i meir enn tjue år.

Som einaste privatpraktiserande kliniske ernæringsfysiolog i området tilbyr eg mine tenester til deg som privatperson, eller gjennom tilvising frå lege eller via helsestasjon.

Det vil også bli tilbod om kurs i livsstilsendring i grupper.
For å bestille time med Kari – ring oss på 700 66465 eller send ein mail på kontakt@optimalhelseklinikk.no. Du kan også skrive oss ei DM på vår facebook side så svarar vi deg når vi har tid 🙂
For timebestilling på nett med Kari trykk her!