Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

 

Marianne er oppteken av å sjå heilheita – ho trur på at ein kropp som fungerar optimalt for den som har den, også har ein meir fornøgd topp. Å ha god funksjon i sin kropp er ulikt frå person til person, – ein idrettsutøvar vil optimalisere med tanke på å betre prestasjon, medan eldre vil veldig gjerne kunne løfte opp barnebarnet utan vanskar og smerter.  Marianne trur sterkt på at det å kunne tilrettelegge for å kunne vere i bevegelse slik ein sjølv vil, gir ein betre livskvalitet.

Interessefelt; nakke, migrene/hovudverk, kjeve og svimmelheit, barn, gravide, idrettsrelaterte skader, ims/tørr – nåling.

Ho har etterutdanning i å behandle og diagnostisere barn og gravide, samt vidareutdanning innan ernæring. Marianne er også utdanna yoga lærar og jobbar mykje her med bevegelse og stressmeistring. Ho held grupper på klinikken, og gir ofte ut eit par øvingar som pasientane kan gjere heime.

Marianne har ei mastergrad i kiropraktikk/MSc, Diploma in treatment and care of the Peadiatric and Pregnant patient, etterutdanning i IMS/ tørr  – nåling, er utdanna treningsrettleiar og har i 8 år vore i NKF (Norsk Kiropraktor Forening) sin turnuskomite med ansvar for t.d. teknikk – kurs for turnusar, samt RYT 200 Yoga utdanning godkjend av Yoga Alliance.

For timebestilling ring 700 66 465 eller send oss ein e-post på kontakt@optimalhelseklinikk.no