Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

MYKJE skjer på Optimal denne veka! SJÅ HER;

Denne veka er det mykje som skjer på Optimal 🙂 Marianne startar opp Mjuk Yoga igjen i dag kl. 19.15 – dette er ein time som passar for alle – både dei som vil ha ein roligare time, men også dei som vil supplere sin ashtanga yoga praksis med litt bøy, tøy og lett styrke (kan gjere det tyngre om ein vil). Vi pustar oss igjennom øvingane og har fokus på å kjenne etter. Ta med eiga matte og handduk (om det vert varmt og du sklir på matta). Vi har nokre matter til utlån (fleire kjem).
Daria sin torsdagstime er flytta til ONSDAG KL.20.05!! Dette grunna at Daria skal ha seg ei lita yogainspirasjonsreise til Oslo torsdag 😉
Klinikken FLYTTAR til MIDLERTIDIGE nye lokaler torsdag kl.16. Desse vert i 3.ETG på ØRSTA TORG – gamle FOKUS BYGGET (G – sport og Sissel blomster/interiør nede b.l.a). Inngang dagtid – midtigata, kveldstid; gata der glassgangen er. Der vert skilt og lapp.
PARKERING; før vi har fått på plass eigne plassar, er det kort å gå om du parkerar på øvrefeltet nedom Amfi. Ellers er det heller ikkje langt frå gamle haldeplassen – ved Europris – gå igjennom gågata. Der er sjølvsagt også parkering rundt kunsthuset og ved gamle Ørsta fiskemat.
Dette vert veldig bra og vi gledar oss til veldig til å ta i mot deg både i dei midlertidige og nye lokala 🙂 Lyse og fine – nedmot sjøen 🙂 Har du spørsmål? Ring 700 66465 eller mail: kontakt@optimalhelseklinikk.no