Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her


Hei!

Eg heiter Sofie og på måndag er eg klar for å møte dykk som ny fysioterapeut på Optimal Helseklinikk. Hjå meg får du ein grundig undersøking, vurdering og behandling av dei fleste problem innan muskelskjelettsystemet. Samtidig er eg spesielt opptatt av å tilpasse behandlinga etter dine behov. Fysioterapiutdanninga tok eg i Nederland ved Saxion University of Applied Sciences og for tida tek eg ein mastergrad med fordjuping innan muskel- og skjelettplagar. Masteroppgåva mi vil omhandle risiko for krossbandskadar blant ungdom i Noreg. Fritida brukar eg mykje utandørs og er særs glad i fjell og friluftsliv lik dei fleste som har vakse opp kring dei vakre sunnmørsalpane.

Erfaring:
Eg har erfaring innan behandling av både akutte og langvarige muskel- og skjelettproblem, opptrening før/etter kirurgi og rehabilitering av nevrologiske tilstandar. Gjennom åra har eg samla ein del erfaring gjennom ulike idrettar, og under studietida arbeidde eg som fysioterapiassistent for eit lokalt fotballag i Nederland. Eg har i fleire år vore engasjert innan rytmisk gymnastikk som gymnast, trenar og dommar.

Interesseområde:
Muskel- og skjelettplagar
Idrett og idrettsskadar
Skadeforebyggjande tiltak
Rehabilitering før og etter operasjon

Kurs:
Aktiv med artrose
Trening og kreft
Terapeutisk taping
McConell management for fremre knesmerter
Kinesiotaping