Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

NY yogalærar på Optimal Yoga og Pilates!

HURRA! Vi er så glade for å ha fått med dyktige Inger Kristine med på vårt Optimale yogalærar-team 🙂 IK, som ho sjølv kallar seg, er i frå Ulsteinvik – nærare bestemt Eiksund. Når ho budde heime var ho flittig å kome på mysore – timane våre, og ho har no hatt sin faste praksis i Oslo på Puro yoga , under blandt anna Pernille Bønkan og Alexander Medin. Ho tek no lærarutanninga med Alexander Medin, i Ashtanga Yoga. Ho har fleire andre yoga-utdanningar, og har siste åra hatt ein dagleg ashtanga yoga praksis. Ho har også vore å studert/trena i Ashtangaens “krybbe” – Mysore.

Ho flyttar no tilbake til Sunnmøre/Zenmøre! Her er det ho skriv om seg sjølv;

 – Eg heiter Inger Kristine, og er utdanna yogalærar i hathayoga, yin yoga, holistisk yoga og snart ashtanga yoga. Eg har også erfaring med å undervise flyt-yoga. Sjølv praktiserer eg hovudsakleg ashtanga yoga, og har våre heldig nok til å praktisere ashtanga i Mysore. Men eg elsker alle type yoga, alt frå dynamisk flyt til rolig yin. Eg har jobba på yogano i Ulsteinvik, på frivilligsentral, treningssenter og på Optimal Helse klinikk i Ørsta. Som lærar ønskar eg å skape eit inkluderande miljø, og møte deg der du er. Det skal være kjekt å kome på yoga, og forhåpentligvis skape ein god følelse og tilstedeverelse i deg –

 

Inger Kristine skal ha nybyrjar kurs i Ashtanga Yoga (Oppstart 23. April), samt mange fleire timar! Meir info om det kjeme – følg med på vår timeplan i punchpass! (Nybyrjar kurset er snart klart, men om du vil sikre deg ein plass- send oss gjerne pm/mail så held vi av ein plass til deg!).

Velkomen til Inger Kristine og velkomen alle dokke andre på hennar herlege timar!

(Vi kan også røpe at Pernille Bønkan kjem og held kurs her f.o.m Torsdag 30 mai. – t.o.m Søndag 2.juni – Tema; Ashtanga og Zenmørsk Natur (ja, vi skal ut også! – følg med på facebook sida til Optimal Yoga og Pilates for å halde av plass, dette verte fantastisk!! 10% avslag for medlemmar).

Vi gler oss til våren med deg!