Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

OPTIMAL TIMEPLAN FOR HAUSTEN 2017 :)

timeplan haust 2017

Då er timeplanen for hausten 2017 klar – og vi er stolte av å kunne tilby i alt 16 timar! 🙂 Alt i frå Mor og barn, Rygg – grupper – til Yoga og Pilates, noko for alle, i alle aldrar, alle former og fasongar, – alle sinn 😉

Nytt på timeplanen er at vi har;

  • NYBYRJAR KURS i Ashtanga Yoga Tysdagar kl. 20 (OBS! Grunna stor på gong setter vi opp eit til Nybyrjar kurs kl.18.30 tysdagar).

 

  • Det verte også sett opp TO Mor og Barn grupper grunna stor pågong! Ei gruppe kl.11 og ei kl. 12. Ta kontakt for meir info. Få plassar ledig!

 

  • Ein time til med MJUK YOGA – rett etter jobb! Kom å land på matta med rolege rørsler og pust etter jobb om du vil, godt for kropp og sinn.

 

  • Fast Mysore style torsdags morgen, – eigenpraksis i Ashtanga Yoga med lærar til stades for å enda betre guide deg med gode justeringar og assistanse. Open for alle. Her kan du trene yoga i eige tempo, og la din pust styre di rytme. Lærar er tilstades til 8, so kan du halde på lenger om du vil.

 

  • Det vert ein Mini – Intro til Ashtanga Yoga for MANN – eit par runder over eit par timar – avtale nærmare når ein ser an gruppa og når det kan passe. Vi har fått fleire ønsker om ny nybyrjar gruppe for berre guttaboys, – so då må DU gripe muligheit om du er nyskjerrig.

For påmelding på timane (vi vil gjerne at folk melder seg på dei gruppene dei trur dei mest truleg vil følge – alle timane går med minimum 5 påmelde frå starten – ein kan sjølvsagt flekse når det trengst og gjerne gå fleire timar i veka då dette har enda større effekt) :

kontakt@optimalhelseklinikk.no, – vi fortsetter med klippekort og mnd.ab. Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt!

Vi har allereie fleire påmelde på Nybyrjar kurset i Ashtanga Yoga tysdagane, så ikkje nøl med å meld deg på! Max 15 plassar.

Meir info kjem om dei ulike gruppene/kursa.

Vi er no litt i ferie – modus, og gler oss masse til hausten i lag med deg! 🙂

OPPSTART 28. august – men sporadiske timar før det – følg med på facebook sida til Optimal Yoga og Pilates 🙂 Der vert også gratis timar 😉

Ønsker alle ein fin ferie – om du ikkje har starta den enda har du noko å sjå fram til!

(klikk på timeplanen for å sjå den større).