Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Plager og smerter? Skal eg til kiropraktor, lege eller fysioterapeut?

Kven skal eg oppsøke? Lege, kiropraktor eller fysioterapeut?

 

Kva er den beste behandlinga for ryggplager og kven skal eg velje?

Dette er eit spørsmål vi ofte får og mange opplever nok at når de søkjer på internett “smerter i ryggen” kjem det mange aktørar og råd om kva ein kan gjere for å bli fort frisk. Mange spør seg nok om kva behandlingsform eg burde velje og kva som er mest effektivt.

 

Kva seier forskninga?

Kva seier forskninga om kva behandlinga ein skal velje? Skal ein til lege, fysioterapeut eller kiropraktor når ein har smerter i ryggen?

Ein nyare studie publisert i det velkjende helsetidsskriftet Journal of the American Medical Association (JAMA) har forska på nettopp dette (1).

Dette er ein randomisert klinisk studie som var gjennomført i USA  frå 2012 til 2016. Ei gruppe på 750 deltakarar i aldersgruppa 18-50 år vart inkludert i studia. Deltakarane vart fordelt på to grupper der dei vart tildelt ulike intervensjonar.

Intervensjonen varte i seks veker:

  • Den eine gruppa fekk tilbod om smertelindrande medisinar, råd om eigenaktivitet, fysioterapi og henvisning til smerteklinikk.
  • Den andre gruppa fekk tilbud om de samme smertelindrande medisinane, råd om eigenaktivitet, fysioterapi, henvisning til smerteklinikk i tillegg til opptil 12 behandlingar hjå kiropraktor over seks veker.

Respons til intervensjon vart målt i:

  • smerteskala på 0-10 der 10 var verste smertane ein kan tenkje seg.
  • funksjonsskala på 0-24 der 24 var betydeleg reduksjon av bevegelse og funksjon.
  • subjektiv oppleving av endringar/forbedring fra 0-10, der 10 var “svært nøgd”.
  • rapportert bruk av medisin.

Kva vart resultatet?

Denne studia fann at gruppa som mottok kiropraktisk behandling i tillegg til ordinær medisinsk hjelp, råd og behandling hadde ei større forbedring enn gruppa som ikkje fekk kiropraktisk behandling.

Gruppa som fekk kiropraktisk behandling hadde ei statistisk signifikant bedring på smerte- og funksjonsskala samt oppleving av subjektiv forbedring. Dei rapporterte også mindre bruk av medisinar.

Denne studia konkluderte med at det er ein fordel å få kiropraktisk behandling i kombinasjon med vanlig medisinske råd, samt fysioterapi for behandling av ryggplager.

 

Kva er konklusjonen?

Forskninga gir tydeleg uttrykk for at ein kombinasjon av alle fungerar betre, samanlikna med når ein kun oppsøkjer ein av profesjonane.

Som det er med all forskning ønskjer ein gjerne fleire studiar for å dokumentere kva som er det beste tiltaket for pasientane, men denne studia syner i alle fall høveleg det vi erfarar til dagleg. Ein kombinasjon av fleire tiltak på ein gong er ofte det beste for pasientene.

Vi fokuserar derfor mye på tett samhandling og kommunikasjon med fastlegen din. I tillegg fokuserer vi på trening og heimeøvingar som kan gjøres hjemme for å lette plagene dine. I tilfeller der det er behov for rehabilitering med tett oppfølging samarbeider vi med fysioterapeuten vår på klinikken.

Vi på Optimal Helseklinikk erfarar at i det lange løp er det oftast ein kombinasjon av flere tiltak som held deg fri frå ryggplager.