Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Start roleg – slapp litt av :)
Nytt år – nye muligheiter?!
Vel, eigentleg er vel kvar dag ei nye gåve ✨ Mange sett seg nye mål og nyttårsforsett. Det kan vere fint det om e klarer å halde på.
Kan det skape meir stress i ei overgangsfase frå ferie til kvardag?
Våre tips er;
✨ Ta det roleg første veka – eller vekene om du treng.
✨ Lytt å kjenn kva DU treng.
✨ Endring krev overskot – gjer gode val som gir deg overskot på sikt, – gode val vert på sikt ein god vane.
✨ Ikkje ver hard med deg sjølv om du ikkje klarer det – det er heilt ok.
✨ For monge endringar på ein gong kan gjere det vanskeleg – gjer maks eit par no i starten. Slik vert det kjekkare å heller mestre – og auke gradvis på, enn å gå på ein «smell»/skade/«leidebyga». Litt er alltid 100% betre enn ingenting!
Slapp av – du er god nok som du er✨ Å utvikle seg er bra – men ikkje om det går utover livskvaliteten og skaper meir stress, skam og skuldkjensle.
✨ Start roleg – mange små steg blir til slutt eit stort steg 👍
Lykke til med å legge lista lågt 😉
#helse #livskvalitet #godnok #endring #val #vanar #kiropraktor #kliniskernæringsfysiolog #fysioterapi #massasje #trening #etlivibevegelse #unngåskade #førebygg
Ta kontakt om du treng hjelp med oss til å på sikt nå ditt mål ✨ #hovud #skulder #kne og #tå (og rygg etc. Ja, heile deg!)