Her kjem ein invitasjon til å få meir overskudd, lære seg gode verktøy til å handtere stress, prestasjonspress – verte sterkare og smidigare både fysisk og mentalt 🙂 Yoga er ein slik invitasjon.
Vi er veldig glade for å ønske Miranda med på Opitmal yoga laget vårt:) !! Miranda er frilufts og yoga – elskar, og har lang erfaring med å jobbe med ungdom som miljøterapeut. Miranda skal ha;
Nybyrjar kurs i Ashtanga Yoga onsdagar kl. 20.15 – eit kurs som går 6 gongar – oppstart i veke 17. Gratis trening i treningsenteret og fri bruk av salen (når den ikkje er i bruk) i denne perioda (maks 15 plassar!)
Nytt på Optmial er; Yoga for Ungdom!
Yoga skil seg frå andre aktivitetar ettersom det ikkje handlar om prestasjon, men fokuserar på det å vere bra nok i seg sjølv. Noko som er viktig i dagens samfunn med alt det press og stress ungdom er utsett for.
Noko av det Yoga kan gi Ungdom
- sjølvkjensle & tryggleik i seg sjølv
- auka konsentrasjon
- auka stryrke & smidigheit
- indre ro & harmoni
- betre søvn
- velvære
- glede
Hjå Optimal tilbyr vi no nybyrjar kurs for ungdom mellom 13-18 år, med hovudvekt på Ashtanga Yoga. Ein fysisk yogastil med ein fast serie med øvingar som endar i ei avspenning.
Denne stilen er også veldig fin å supplere andre idrettar/aktivitetar med – då den gir kjernestabilitet og auka fleksibilitet – kroppsbevisstheit ift kroppshaldning som igjen fører til mindre skader.
Kan minne om god gammeldags linjegymnastikk 😉 Og vi skal ikkje ta det for seriøst 🙂 Alt kan tilpassast den enkelte.
Målet er å auke ungdom sitt velvære og nærver.
Mange har sagt – at eg ikkje starta med dette før! – No har du muligheita til å gi ditt barn eller deg sjølv eit fantastisk verktøy til å verte sterkare og mjukare – både fysisk og mentalt 🙂
Kurset går 6 gongar, oppstart torsdag 27. April (veke 17) – kl. 15.30. Gi oss gjerne tilbakemelding om tidspunktet skulle vore seinare, men tanken er at dei kan kome rett til oss etter skule. MAKS 12 STK.