Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Velkommen 2019!

 

Vi ønskar 2019 varmt velkommen – nytt år nye muligheiter!

For er det ikkje slik? At vi får ei muligheit å starte med blanke ark? Eit nytt år kan vere ein invitasjon til å reflektere litt ekstra over kva vi verdsatt mest i året som gjekk, og kva vi vil ha meir av i året som kjem. Kanskje vart det litt mykje armar og bein i haust, og kanskje er nettopp din intensjon å gjere nokre grep for deg sjølv. Det betyr ikkje, at vi  manglar noko å vere takksame for; – dei fleste av oss har mykje å vere glade for.

Der er mykje forskning som er gjort på området “korleis få auka livskvalitet” – og mykje peikar mot at vi alle treng;

  • God helse. Dette omhandlar livskvaliteten vår og korleis vi finn livet meiningsfullt iht til å mestre det vi vil, ikkje kjenne oss så begrensa, og kva vi har å gi til andre. Mindre smerter gir også meir energi, og visa-versa.
  • Sove godt – ha nok søvn er viktig for ei god helse. Korleis kan du legge til rette for dette? Jau, fysisk aktivitet, lavare stress-nivå, godt med D-vitamin, mindre skjerm-tid, mindre smerter – og rett og slett øve seg på å gjere grep – samstundes som ein alltid kan finne noko å vere fornøgd med.
  • Fysisk aktivitet er alfa-omega for det meste. Ja, det er skrive fleire bøker om dette temaet. Det førebygg for.. det meste. Og ein tommelfinger-regel; alt er betre enn ingenting! Litt kvar dag. Berre gjer det!
  • Tren deg på å vere fornøgd, og tenk gode tankar om deg sjølv og andre.
  • Gi til andre, av di tid og omsorg – forskning syner at ved å gi vert det frigjort fleire lykkehormon i kroppen til den som gir, enn når du får noko.
  • Kartlegg kva du kan prioritere annleis og korleis du prioriterar tida di. Vi har alle 24 timar i døgnet. Det er kanskje noko av det mest rettferdige som er 😉
  • Kosthald – kanskje ta ein januar med mindre/ingen sukker og mindre/ingen alkohol? Mange gjer dette, då dei kjenner at det gjer godt etter mykje “fråtsing” i jula. Kjenner du deg sliten og slapp? Ta ein tur til fastlegen å få tatt blodprøve for å sjekke om du kan ha nokre vitamin-manglar etc. Slik du ikkje tek tilskot som du ikkje treng. Får du i deg nok D-vitamin no i vinterhalvåret? Dette er særs viktig for immunforsvaret vårt, energien vår (kan føre til trøttheit/slappheit), muskel-skjellettplager etc.

Vi er her og er klare for å hjelpe deg å gjere dei grepa du vil gjere! Vi kan støtte deg i å kome i gong med;

  • Trening og aktivitet, – fysioterapi og treningssenter (200,-/mnd). Vår fysioterapeut stiller også opp GRATIS for rettleiing og oppfølging på trening i treningsavdelinga våra; mandag, onsdag og torsdag frå 15.00 – 16.00 for våre pasientar.
  • Få ned spenningar gjennom stressmeistring og feks. massasje, pilates og yoga.
  • Førebyggande og smertebehandling med kiropraktor, fysioterapeut og massør.
  • Hjelpe deg å sette opp eit tverrfagleg tilbod, som er skreddersydd til deg og dine plager/behov.
  • Henvise deg vidare til legespesialist og sjukemelde, om dette trengst.
  • Vil din arbeidsplass tilby massasje på arbeidsplassen eller eit gratis helseforedrag om korleis førebygge sjukefråver? Ta kontakt med oss!

Vi ønsker deg og 2019 hjarteleg velkommen! Hugs; Kroppen din kan! 

Bestill time her

Eller ring på 700 66465.