Bestill time

Klikk her

Bestill Yoga/Pilates

Klikk her

Vi søker ny OPTIMAL FYSIOTERAPEUT!

Vi søker etter Optimal Fysioterapeut 🤗

Vi søker etter engasjert og blid fysioterapeut frå 01.06.20. Vi er ein gjeng med eit brennande engasjement for å hjelpe folk og få vere i bevegelse! For å alltid kunne gi pasienten den beste løysinga ho/han treng, har vi fokus på å jobbe saman, tverrfagleg.

Du er engasjert, du vert stolt når pasientar får hjelpa dei treng, og du har evne til å motivere andre. Du elskar å jobbe med menneske, er nyskjerrig og set det å halde deg fagleg oppdatert, høgt.

Optimal Helseklinikk har mange avtalar med bedrifter og idrettslag, og vi kan by på ein variert arbeidskvardag 👍 Ikkje minst; vi har det utruleg kjekt på jobb!

Og som om det ikkje var nok, så kan vi by på verdas flottaste natur – sommar som vinter🤩👍

Er dette noko for deg eller nokon du kjenner?

Send inn ein søknad og legg ved CV til; kontakt@optimalhelseklinikk.no – merk den Fysio-stilling.

Lurer du på noko? Send oss mail på adr over,  ring på 700 66465 eller kom innom!

Søknadsfrist 01.02.20