IMS nålebehandling

IMS eller intramuskulær stimulering, er det same som mange kallar «triggerpunkt-behandling» med akupunkturnåler. Dette er ikkje kinesisk akupunktur, men ei vestleg medisinsk nålebehandling av triggerpunkta.

Ein kan tenke seg at ein ved massasje klarer å påverke dei øvre delane og til dels midtre partia av ein muskel. Med bruk av IMS kan ein nå heilt ned til triggerpunkta som sit djupast.

Vi nyttar sterile eingongs akupunkturnåler som førast inn under huda. Her rører kiropraktoren nåla inn og ut av muskelen og leitar fram spenningspunktet i muskelen.

Kva skaper «triggerpunkt»?

Ein kan tenke seg at triggerpunkt er lokale spenningar eller små krampar som sit i musklane. Årsaka til at dei kjem kan vere mange. Det kan vere ein overbelasta muskel der sirkulasjonen er blitt blokkert eller muskelen har «krampa seg» i eit forsøk på å hindre at eit ledd blir skadd. Dette er mellom anna vanleg ved klassiske ryggkink. For å få dei til å løyse seg opp så nyttar vi akupunkturnåler til å treffe dei. Ofte opplever ein at muskelen «hoppar» litt når ein treff spenningane, og i mange tilfelle kan muskelen opplevast som litt sår nokre timar etterpå. Dagen etter er dette borte.

Vi ser då at dette løyser opp de små spenningane som sit lokalt i muskelen og som set i gang krampene og smerten. Ein trur at nålene gir ein overstimulans av dei små nervefibrane som dannar eit nettverk i muskelen. På denne måten tek hjernen i mot ein straum av impulsar frå dette området som gjer at det opphavlege smertesignalet blir “gløymt”.

Tørrnålteknikk

Dry needling (tørrnålteknikk) er ein høgst effektiv og rimeleg teknikk for behandling av triggerpunkt som gir smerter i blautvev (myofasciell smerte) og nedsett muskelfunksjon. Teknikken er basert på vestlege anatomiske og nevrofysiologiske prinsipp. Tørrnålteknikk må ikkje forvekslast med akupunktur som er basert på tradisjonell kinesisk medisin. (Travell og Simons 1999)

Triggerpunkt er hypersensitive punkt i skjelettmuskulaturen. Punktet (a) er smertefulle ved trykk og kan gi karakteristisk utstrålande smerter og ømheit, nedsett funksjon i form av muskelsvakheit, redusert rørsle, og forstyrring i det autonome nervesystemet. Triggerpunkta rører seg ofte i form av samantrekking ved berøring, men kan også gi ei spontan samantrekking og gi konstante smerter.

I mange år vart det brukt injeksjonar med legemidlar (anestesi, kortison, saltvann m.m.) og det viste seg å vere effektivt mot triggerpunkt. Men, etter kvart kunne ein konkludere med at effekten ikkje var avhengig av kva type legemiddel, men den faktiske stimuleringa av muskelfibrane med sjølve nåla. Og derfor blir ei tynn, fleksibel, vanlig akupunkturnål nytta i behandlinga.

Dei som utøver slik behandling må vere dyktige til å finne, og vere godt kjende med triggerpunkt og symptommønster. Dei må kunne kjenne små variasjonar, og kjenne dei vanlegvis tynne, stramme muskelfibrane og kjernepunkta som gir ein samantrekkingsrespons ved berøring. Sjølve samantrekkinga er viktig å kunne provosere fram for ei vellukka behandling.

Ein kiropraktor er utdanna i triggerpunkt og kvardagen består av berøring av pasientar. Ein kiropraktor opparbeider ei unik kjensle for og kjennskap til å kunne lokalisere små vevsvariasjonar, og er dermed svært godt eigna til å utføre behandling med tørrnål.

Det er gjort mange gode studiar på effekten av tørrnålsbehandling. Ein har funne ut at behandlinga påverkar fibrane kjemisk og mekanisk, og framkallar kroppens naturlege smertelindrande stoff. Behandlinga normaliserer kommunikasjonen mellom nerven og muskelfibrane.

Behandlinga er ofte litt vond, og dei fleste er ømme etter behandlinga (frå eit par timar til eit par dagar). Nokre kjenner seg bra med ein gong. Det er viktig å kommunisere dette til pasienten. Is, varme, lett massasje og uttøying hjelper mot ubehaget og pasientane er rådførde til å bruke kroppen og kroppsdelen som normalt etter behandling.

Resultata viser seg etter nokre få behandlingar og effekten er langvarig.