Kinesiotaping er ein behandlingsmetode som blir brukt meir og meir i Noreg. Ofte kan ein sjå idrettsutøvarar på TV og i tidsskrifter som ber fargerik tape. Dette har gjort at Kinesiotape er mest kjent for førebygging og behandling av idrettsskadar, men dette er berre eitt av mange viktige bruksområder.

Metoden Kinesiotape er ein heilheitleg tankegang og fokuserer på samanhengar i menneskekroppen.
 I Kinesiotape-metoden brukar vi den elastiske tapen over og rundt musklane, slik at den støttar og assisterer musklane og motverker overspenning. Tapen leggast på huda med ulike patenterte teknikkar. Målet med tapen er å stimulere muskulaturen til å arbeide meir eller mindre. Tapen kan også nyttast til å redusere belastninga på band og ligament. Kinesiotape-metoden nyttast sjeldan åleine, men som eit supplement til anna behandling. Kinesiotapen er tynn og elastisk, og gir effekt heile tida medan den sit på huda. Tapen tåler vatn og vanleg kroppsbruk. Det vanlege er at tapen sit på i omlag 4-5 dagar før den skiftast ut. På grunn av tapens elastisitet merkar sjeldan pasienten tapen på kroppen. Det er ingen biverknader ved å bruke Kinesiotape.