Kiropraktikk

Ein kiropraktor spesialiserer seg på undersøkingar, diagnostisering, behandling og oppfølging av nerve-, muskel-, og skjelettplager.

Våre kiropraktorar er spesielt opptekne av å sjå heile biletet, og tek difor omsyn til t.d. også kosthald. Vi henviser vidare om det syner seg at pasienten har behov for anna behandling, som t.d. fysioterapi, trening, ortopedi eller behandling med smertespesialist (for å nevne nokre).

Sidan kiropraktorar er primærkontaktar betyr det at pasienten kan oppsøke kiropraktoren direkte, utan tilvising frå lege eller anna helsepersonell.

Dette inneber også at pasienten får redusert eigenandel hos kiropraktor gjennom direkte trygderefusjon.

Vidare kan kiropraktoren både tilvise pasientar til biletdiagnostikk (røntgen/CT/MR/ultralyd), og til andre spesialistar dersom det er behov for det. Kiropraktoren kan også sjukmelde pasientar i opptil åtte veker.

Ein diagnose vert stilt på grunnlag av sjukehistorie, klinisk undersøking og eventuelle røntgenundersøkingar. Kiropraktoren har teieplikt til liks med anna offentleg godkjent helsepersonell.

Våre kiropraktorar nyttar også nåler – tørrnåling/ims heiter denne teknikken. Vi tek ikkje ekstra betalt for dette – det er inkludert i prisen og er det behov for lengre behandlingstid grunna nåler, gjer vi også dette utan ekstra kostnadar. Vårt mål er at pasientent skal verte best mogleg, og ha muligheit til å få den optimale behandling som då må til.

 

Første konsultasjonen/undersøkinga

Sjukehistorie

Her får du mulegheit til å beskrive plagene dine, og med utgangspunkt i dette vil kiropraktoren stille utfyllande spørsmål for å få belyst relevante samanhengar og årsaksforhold.

Klinisk undersøking

Undersøkinga startar ofte med analyse av kroppens haldning. Deretter testast rørsleevna for gjeldande område. Vidare undersøker ein muskulaturens styrke og stivheit, før andre kiropraktiske, nevrologiske og ortopediske undersøkingar avsluttar den kliniske undersøkinga.

Røntgen

Kiropraktor er autorisert til å ta eigne røntgenbilete og vurdere desse sjølv, i tillegg til tilvisingsrett til annan biletdiagnostikk som CT/MR/ultralyd.
Desse undersøkingane supplerer den kliniske undersøkinga og gir relevant informasjon i samband med slitasjeendringar, forkalkingar, prolaps, og kontraindikasjonar på behandling som brotskadar og annan sjukdom.
Kiropraktoren vil tilvise til andre spesialistar (ortoped/nevrolog/revmatolog/ØNH/hudlege, osb.) dersom tilstanden krev dette.

Behandling

Kiropraktoren behandlar lidingar i alle kroppens ledd og musklar, ikkje berre ryggsøyla. Hovudmålet for behandlinga er å gjenopprette normal funksjon i rørsleapparatet. Dette inneber å redusere smerte og betre rørsla og funksjonen i nerve-, muskel-, og skjelettsystemet. Vi ser heilheitleg på helsa til pasienten, og tek omsyn til også t.d.  kosthald og stressmeistring.

Våre kiropraktorar har god erfaring i behanlding av svimmelheits – problematikk/diagnoser som krystaløresjuke. Dette kan stort sett effektivt behandlast med 1 – 2 behandlingar.

 

Vi ser også mykje spedbarn og barn, og behandlar mange lidelsar her med god effekt. Vi er opptekne av at spedbarn og barn skal syne rask betring av behandling, om ikkje henviser vi vidare eller avsluttar om det er det riktige. Barn og spedbarn responderar oftast raskt på behandling, og skal difor ikkje ha mange behandlingar utan god effekt.

For meir informasjon og nyheiter, sjå: www.kiropraktikk.no