Leddkorrigerande behandling

Ved manipulasjonsbehandling rører ein ved eit låst ledd ved å nytte eit hurtig spesifikt handgrep. Denne raske, passive tøyinga av strukturane omkring leddet medfører med ein gong ei reflektorisk avspenning av overspent djup muskulatur som har hindra leddet i å røre seg normalt. Ofte separerast leddflatene og ein høyrer eit klikk. Ved hurtig separasjon av leddflatene oppstår det eit vakuum inne i leddet og leddvæske blir omgjort til små gassbobler.

Etter manipulasjonsbehandling er det som regel betra rørsleevne og redusert smerte, noko som truleg kan forklarast ut i frå ei rekke nevrofysiologiske mekanismar. Sjølve behandlinga er udramatisk og sjeldan forbunde med smerter.

I «Tverrfaglige retningslinjer for behandling av akutte korsryggsmerter» utgitt i 2002 av Nasjonalt Ryggnettverk vert behandlingsforma omtala på grunnlag av gjennomgang av tilgjengeleg vitskapleg dokumentasjon: “Manipulasjon kan forkorte varighet av smerte, øke aktivitetsnivå og gi økt pasienttilfredshet sammenlignet med kontrollintervensjoner. Risiko ved manipulasjon er meget lav når det utføres av kvalifisert terapeut.”