Manuell muskelterapi

Denne behandlingsmetoden inneheld:

• Klassisk massasje

• Tøying av musklar

• Behandling av triggerpunkt

• Smertelindring

Klassisk massasje stimulerer blodsirkulasjonen, er psykisk avslappande, og har god effekt på lymfesystem og bindevev. Auka blodsirkulasjon fjerner avfallsstoff i kroppen og massasjen verkar avslappande.

Tøying vert nytta når ein muskel er for stram eller kort, eller ved muskelbrest. Ein ser ofte problem i forhold til dette ved for mykje PC-bruk.

Eit triggerpunkt er eit hyperirritabelt punkt i ein spent muskelstreng. Dette fører ofte til at det oppstår smerter ein annan stad enn akkurat i punktet. Eit eksempel er smerter i korsrygg der ein behandlar triggerpunkt i setemuskulatur.