Massasje

Alle kan gå til massasje. Anten det gjeld muskelplager, stølheit eller berre for å stresse ned.

Med ulike behandlingsteknikkar arbeider ein med musklane og gjer dei mjukare og meir elastiske. Målet med alle typar massasje er å auke blodsirkulasjonen og løyse opp spenningar i kroppens muskulatur. Slik restituerar ein raskare.

Spenningar oppstår normalt frå dei daglege belastingane ein påfører kroppen som ved feil arbeidsstilling eller sovestilling, men også ved overbelastingar, idrettskader, etc. Spenningar kan også ha andre årsakar som stress, sinne, og angst. Over tid vil desse spenningane setje seg i kroppen og kan gi smerter og stivheit i rygg, nakke, skuldrer og hofter.

 

 

Klassisk massasje

Med klassisk massasje brukar ein 5 grunnteknikkar for å gjere musklane og bindevevet meir elastisk.

Massasjeterapi

Ein massasjeterapeut er ein massør med vidareutdanning. Massasjeterapeuten nyttar fleire teknikkar for å løyse opp og førebygge muskelspenningar. Ofte vert behandlinga avslutta med klassisk massasje.

Idrettsmassasje

Idrettsmassasje: Omfattar ofte eigne idrettsmassasjeteknikkar, akutt skadebehandling, restitusjon og førebygging. Her nyttar ein også ofte taping.

Vidare tilbyr vi;

Hovudbunn og nakke/skuldre

Avspennings massasje

Kopping 

Bindevevsmassasje