Mor og barn

Kanskje vi kan hjelpe ditt barn til ein betre kvardag

Kiropraktorar er spesialistar på tilstandar som er knytt til nerve-, muskel-, og skjelettapparatet. Med 6-års universitetsutdanning, har vi den faglege tyngda som skal til for å kunne hjelpe ditt barn.

Vi nyttar lette og smertefrie teknikkar for å korrigere feilfunksjonar i rørsleapparatet. I tilfelle der vår kompetanse ikkje strekk til, kan vi tilvise direkte til røntgen og spesialisthelseteneste.

Gravide

Under svangerskapet skjer det store endringar med kroppen. Den gravide er avhengig av eit optimalt fungerande bekken og ei avbalansert ryggsøyle. Når rygg og bekken tilpassar seg vektauken på framsida av kroppen på en problemfri måte, er kvinnekroppen i balanse. Når kroppens evne til å tilpasse seg omgjevnadane minskar, så kjem smertene. Vår rolle er å korrigere feilfunksjonar i rørsleapparatet, helst så tidleg som muleg, slik at bekkenet og ryggen fungerer optimalt i lag.

Vanlige plager som gravide oppsøker kiropraktor for:

• Bekkenlåsing

• Førebygging av rygg- og bekkenplager

• Bryst- og pustesmerter

• Nedsett kjensleevne i armer og bein / å vere nummen

• Vondt mellom skulderblada

• Symfysesmerter (framme i bekkenet)

• Hovudverk

Nokre råd til den gravide:

• Trening i forkant og under graviditeten

• Mange får godt utbyte av symjing, yoga for gravide og Pilates

• Rett kosthald

• Ikkje sitje med beina i kors

• Pute mellom beina når ein søv

• Sitje med knea lågare enn hoftene på slutten av svangerskapet

• Jobbe med å finne sitt naturlege balansepunkt

• Finne dei rette ammestillingane

Les meir om behandling av barn på

Norsk Kiropraktorforening sine nettsider – www.kiropraktikk.no