Medarbeidarar

 

Marianne Kriken

Kiropraktor Msc (Hons) / Eigar / RYT 200 Yoga Alliance

Utdanning:

Msc (Hons) AECC 2005, Yoga instruktør RYT 200 sertifisert

Bakgrunn:

Har bakgrunn som alpinist med trenarutdanning (treningsrettleiing, treningsterapi og alpintrenar) og studier ved Norges Toppidretts Gymnas (NTG). Har mykje erfaring innan trening og rehabilitering,  og har tidlegare samarbeida med Olympia Toppen og Noregs Idrettshøgkule. Marianne er då naturlegvis oppteken av helse, livstil og bevegelse. Korleis dette kan gi oss ein auka livskvalitet om det fungerar som det skal – optimalt for kvar enkelt. Utdanna kiropraktor ved Anglo European College of Chiropractic (AECC), University of Pourtsmouth, graduerte 2005. Har Diploma in Chiropractic Clinical Paediatrics (ekstra kompetanse innan behandling av spedbarn/barn og gravide). Etterutdanning i IMS/tørrnåling og ernæring. Held gjerne føredrag om behandling av spedbarn og gravide. Har frå turnustida og fram 2010 jobba ved eit av landets leiande tverrfaglege senter, i samarbeid med legar, fysioterapeutar, massørar og akupunktørar i Oslo. Har vore i Norsk Kiroprakorforening sin turnuskomité i 8 år,med ansvar for gjennomføring av turnusteneste for nyutdanna kiropraktorar. Er utdanna Yoga lærar (RYT 200 / Yoga Alliance).

Spesielle interesseområder:

  • Barn og gravide – samt plager relatert til etter svangerskap
  • Ernæring og livsstil
  • Nakkeplager Hovudverk, migrene, svimmelheit
  • Idrettskadar
  • Yoga – stressmeistring, avspenning, funksjonell trening.

 

Marius Hodt

Kiropraktor MCHIRO, MNKF

Utdanning:

Master of Chiropractic – Anglo European College of Chiropractic (AECC), Bournemouth, 2015.

Erfaring:

AECC Chiropractor Clinic 2014 – 2015

Medlem av Sports Injury Team (SPRINT) for Bournemouth Sea Gulls (Svømmelag)

Erfaring som svømmeinstruktør ved Kolbotn Svømmeklubb og nåverende hovedtrener i Volda Svømmeklubb.

Idrettskiropraktor for Volda Handball 1.div og 2.div

Kurs:

  • Idrettsmedisin
  • Kurs i bruk av tørrnåler
  • Trykkbølgebehandling
  • Kinesiotaping
  • Bløtvevsinstrument

Spesielle interesseområder:

  • Idrettsskader
  • Hodepine, svimmelhet, mirgene
  • Nakke -og skulderplager

Einar Kriken Fylling

Kiropraktor MCHIRO, MNKF

Utdanning:

Master of Chiropractic – Anglo European College of Chiropractic (AECC), Bournemouth

Erfaring:

Klinikk for alle avd. Majorstua, Oslo

Einar har jobba mykje med idrettsrelaterte skader og har sjølv lang bakgrunn innan fotball. Er generelt ein aktiv type som brukar mykje av fritida på fjellet, både sommar og vinter. Han har tidlegare våre med på oppstart av klinikk og fotballag i Oslo. Vidare er han opptatt av å ha fokus på helsebringande tiltak som trening og kosthold.

Interesseområder:

  • Generelle muskel og leddplager
  • Nakkesmerter
  • Hovudverk
  • Skulderplager
  • Smerter i korsrygg og bekken
  • Svimmelheit
  • Idrett og idrettskader

 

Eline G. Vattøy

Fysioterapeut MSc, MPFF

Utdanning:

Fysioterapiutdanning – Høgskolen i Bergen (2013)

Mastergrad Klinisk nevrologisk fysioterapi – UiT Norges Arktiske Universitet (2016)

Erfaring:

Har erfaring frå kommunal fysioterapiteneste mellom anna med kurativ behandling, re-/habilitering og gruppetimar, spesialisthelseteneste med fokus på nevrologi, samt privat praksis.

Kurs:

  • Diagnostikk og behandling av muskulære triggerpunkt (IMS/tørrnåling) – Trinn 1
  • Motorisk kontroll av skulder
  • TENS (transcutan elektrisk nervestimulering) – smertelindring
  • Idrettsmedisin

Spesielle interesseområder:

  • Aktiv rehabilitering
  • Slyngebehandling
  • Nevrologi/ortopedi
  • Mor og barn – trening og behandling
  • Soletilpassing

 

Ingeborg Ressem

Fysioterapeut, MNFF

Utdanning:

Fysioterapiutdanning – NTNU Trondheim (2016)

Erfaring: 

Som fysioterapeut har Ingeborg erfaring frå kommunal fysioterapiteneste med kurativ behandling og rehabilitering, samt spesialisthelsetenesta innan nevrologi, lungefysioterapi, og behandling av muskel- og skjelettlidingar. Med bakgrunn som aktiv fotballspelar og langrennsløpar, samt kajakkpadling og anna friluftsliv, brenn Ingeborg for å hjelpe andre med å oppleve meistring gjennom aktivitet.

Kurs:

Slagskulen

Idrettsskader

Massasje

Interesseområder:

  • Muskel- og skjelettplager
  • Nevrologi
  • Aktiv rehabilitering
  • Ryggskule
  • Mor og barn – trening

 

Marita Borgen

Kontor medarbeidar /Pilates instruktør

Marita har mange års erfaring innan sal og kundebehandling frå reisebyrå og forsikring.

Jobbar som Pilates instruktør for nybyrjarar og avanserte grupper. Om ein vil ha privat eller duett – timar, skreddarsyr Marita eit opplegg på dette.  Tek også på seg bedrifts – og sosiale (utdrikkingslag etc.) arrangement.

Marita er oppteken av å tilrettelegge til kvar enkelt sine behov, og avsluttar alltid timane med ei god avspenning. Ho nyttar også ballar, ringar, band, ruller etc i timane sine.

 

 

 

YOGA & PILATES INSTRUKTØRAR

 

Marianne Kriken

Drivar/ Yoga instruktør

Utdanna Yoga lærar (RYT 200 / Yoga Alliance).

 

Marita Borgen

Pilates instruktør

Jobbar som Pilates instruktør for nybyrjarar og avanserte grupper. Om ein vil ha privat eller duett – timar, skreddarsyr Marita eit opplegg på dette.  Tek også på seg bedrifts – og sosiale (utdrikkingslag etc.) arrangement.

Marita er oppteken av å tilrettelegge til kvar enkelt sine behov, og avsluttar alltid timane med ei god avspenning. Ho nyttar også ballar, ringar, band, ruller etc i timane sine.

 

Marit Rakel Tollaas Bjørdal

Yoga instruktør

Utdannet bioingeniør. Grunnkurs og Gruppetrening styrke fra NIH. RYT 200 m/ Alexander Medin. Terapeutisk yogautdanning 2017-2019 m/Maja Thune.

Pt Yogine på heltid.

Først i 2014 ble Marit introdusert til yoga og da falt en del brikker på plass, paradoksalt nok; Fysisk aktiv og med instruktørkompetanse innen sykling (spinning) og styrke, og med konstant uro i kroppen var det bare styrketrening og full fart som gjaldt. Heller løpe fra noe enn å søke innover… Mindfulness var allerede introdusert for å redusere stress, men Marit syns det var vanskelig å sitte i ro!

 

Yoga tilbyr både pust og bevegelse. Genialt; Mindfulness i bevegelse! Kroppen var stiv og sinnet likeså, men yogaen fikk bare større og større plass i tilværelsen hennes. Det endte med tur til India og lærerutdanning med Alexander Medin, og reisen er ikke slutt med dette. Yoga har tatt plass i hele dama, og hun elsker å formidle det hun har lært og erfart. #tilstedeværelseipusten #gislipp #nostiffbodyonlystiffmind

 

Miranda Tryggeset

Yogainstruktør

Miljøterapeut / RYT 200 Yoga Alliance

Utdanning:

Bachelor i idrett og friluftsliv 2009, A-kurs trenarutdanning,Yoga instruktør RYT 200 sertifisert

Bakgrunn:

Har bakgrunn som miljøterapeut gjennom 10 år med ungdom i aldersgruppa 12-18 år, og har gjennom denne jobben fått verdifull erfaring og kunnskap om kognitiv terapi, og ulike verktøy og metodar i arbeid med atferdsendring. Miranda tok trenarutdanning i ung alder, og har også ein del erfaring som trenar for born og unge. Med ein bachelor i Idrett og friluftsliv frå Høgskulen i Volda, er ho naturleg nok veldig glad i å vere ute. Allsidig og verdsett det enkle liv ute. Får ei sinnsro ute i naturen, om det er med ski på beina, fjellsko, klatresko, symjeføtter eller berrføtt i gras og lyng. Miranda har siste åra funne same roa i yoga, etter at ho vart introdusert for yoga etter ei nakkeskade som sette ho ut av spel i lengre tid. Hennar møte med yoga gjorde livet med store smerter, mykje behandling og smertestillande, til ein nesten smertefri og medisinfri kvardag. Opplevde auka livskvalitet gjennom ein stabil yogapraksis. og fann det så givande at ho ville gi dette vidare til andre, og var ferdig utdanna yogalærar i juni 2017. Finn desse møta med andre menneske gjennom yoga, svært givande og berikande. Brenn veldig for å få born og unge i aktivitet gjennom både yoga og friluftsliv, og prøvar å legge til rette for å gi andre denne sinnsroa, som ho sjølv finn. Draumen er få til ein kombinasjon av desse to elementa.

Spesielle interesseområder:

* born og ungdom i fysisk aktivitet

* friluftsliv med særleg interesse for arktisk friluftsliv

* yoga- som terapi og medisin

Sylvi Øye Henriksen

Yogainstruktør

Utdanning: Førskulelærar med bacelorgrad og RYT 200 med Alexander Medin

Bakgrunn:

Det første møtet Sylvi hadde med yoga var som 16-åring, gjennom enkle hatha yoga øvelsar i ei bok lånt på biblioteket. Etter dette gjekk yogaen i gløymeboka og ungdomstida tok over. Det var ikkje før ho seinare (på jakt etter enkle styrkeøvelsar til heimetrening), fann nokre yogavideoar på nettet. Desse videoane vart raskt ei fast vane heime, men ho kjende behovet for å lære direkte frå ein lærar. Seinare førte tilfeldigheiter til ein invitasjon til ein gratis Ashtanga time på Optimal Helseklinikk. Denne timen vart ein augeopnar, det var som om ei brikke falt på plass.

Ashtanga Yoga er no ein fast del av kvardagen til Sylvi og har vorte eit kjært hjelpemiddel i møtet med livets utfordringar. Yoga har gitt ho auka fysisk helse og ein generelt betre kvardag på alle plan.

Sylvi meiner at yoga er for ALLE , både store og små. Vi kan alle ha godt av dei godene som yogaen gir, både unge og gamle. Behovet for å roe ned og oppleve ei stille stund vært berre viktigare i et samfunn som stadig aukar i tempo.

Sylvi hentar mykje inspirasjon til yogapraksisen frå observasjon av barneleik/ barns kroppsbruk. Vi vaksne treng å finne tilbake til leiken!

Hildegunn Welle

Yogainstruktør

Utdanna og sertifisert Ashtanga yogalærar hos R. Alexander Medin. Han er ein av dei få sertifiserte av Pattabhi Jois som grunnla Ashtanga Yogaen slik vi kjenner den i dag. Medin er ein stor inspirasjon for Hildegunn og gitt innblikk i rota av yogafilosofien frå India. Hennar første møte med Ashtanga yoga var hos Optimal Yoga & Pilates og her har ho praktisert sidan. Yoga har vorte ein viktig del av kvardagen hennar – både den fysiske praksisen og korleis ein kan dra nytte av yogaen elles i livet. Til dagleg arbeidar Hildegunn som grafisk designar.