Yoga & Pilates

Optimal Yoga

yogasallillarosaVelkomen til oss. Vårt mål er å sjå kvar enkelt  – tilpasse best mogleg til alle som kjem inn i vår sal. Yoga passa Optimal godt, då ordet ” yoga” er sanskrit og tyder heilskap, i tydinga ”sameining” av kropp, sinn og pust. Vi er opptekne av å sjå heile mennesket på Optimal. Når ein praktiserar yoga, vert kropp og sinn, pust og bevegelse forent i eit dynamisk samspel. Ein finn indre fokus og styrke, samstundes som ein vert mjukare i kropp og sinn. Rolegare, meir fokusert, sterkare, mjukare, taklar stress i kvardagen betre – dette er det vi oftaste høyrer at dei som er på timane seier. Det er også vist seg effektiv mot søvnvanskar, hovudverk, konsentrasjonsvanskar m.m.

 

Mjuk Yoga

Dette er ein rolig time som passar alle, kvinner som menn! Også gravide 🙂 Her er det enkle øvingar som alle kan klare, og har ein vondter modererar ein øvingane. Det er fokus på den gode pusten, opne opp kroppen; auke fleksibilitet og lett styrke. Klassa har eit rolig tempo. Mjuk yoga er ei meir terapeutisk økt, som aktiverar kroppens evne til å reparere skader, styrke immunforsvaret, betre fordøyinga, gir deg meir ro og overskudd i kvardagen, samt auke bevegeligheit. Enkle pusteøvingar introduserast også. Ein meget skånsam form for yoga som inviterar heile kroppen til kvile. Det krevast ingen forkunnskap før timen, og det er eit fint alternavtiv til Ashtanga yoga – men også eit godt supplement. Mange går på begge timane. Klassa endar i ei god avspenning.

Ashtanga Yoga

– er ein meir fysisk krevande yogastil der pust, bevegelse og meditasjon forenast. Ashtanga yoga passar i prinsippet for alle. Alle som kan puste kan gjere yoga. Ein treng ingen forkunnskap, kun ei yogamatte, lette kle, eit opent sinn og ein god instruktør. Stilen er basert på fleire tusen år gamle skrifter og tradisjonar. Sri K. Pattabhi Jois (Guruji) fra Mysore i India, er mannen som utvikla denne yogaretninga og førte tradisjonen vidare i moderne tid (1960 – talet). Det finnast meir enn 300 stillingar ein kan lære seg, men ved Optimal underviser vi i dei 50 første (primary series). Det er ei effektiv og god form for trening, som gir auka kroppsbevisstheit, løyser opp spenningar, gir styrke, smidighet, energi og eit rolig sinn. Det heilheitlege perspektivet og dens positive effekter har gjort Ashtanga yoga veldig populært dei siste åra, og mange andre former for yoga er basert nettopp på Ashtanga yoga.

I utføringa av Ashtanga yoga er den subjektive opplevinga eit hovudfokus – i den forstand at dei fysiske øvelsane er eit hjelpemiddel for å utforske og utvikle sitt potensiale både fysisk og mentalt. Rekkefølgen av stillingane er nøye sammensatt. Kvar stilling forberedar for neste, og om ein har tillit til denne disiplinen og praktiserar regelmessig vil ein etter kvart hauste fruktene av sin praksis. Eit viktig kjenneteikn ved Ashtanga yoga er vinyasa-prinsippet. Vinyasa tyder synkronisert pust- og bevegelsessystem, og bidreg til ein dynamisk flyt mellom kva stilling. Mange opplever ein meditativ tilstand i bevegelse. Klassene avsluttast alltid med ei god avspenning på matta.

# Helseeffekten av yoga er større dess oftare ein praktiserar. Difor vil vi på Optimal gi deg den 11. timen timen GRATIS (skriv GRATIS på klippekortet).

Vi har klippekortsystem, og dropp – in. Vi har også gratis prøvetimar så langt det er plass til dette. Avtal på førehand med instruktøren. Vi har matter til utlån, men ta gjerne med di eiga matte då dette både er meir hygenisk (sjølv om vi rensar mattene våre etter kvar time) og vert ditt personlege lille yogarom som du også lettare finn fram heime. Vi har framme matterens som alle kan disponere. Sjølvsagt fri for miljøgifter, og med duft av lavendel. Ellers kle som er gode å bevege seg i – og vi står barføtt – så reine føter er fint både for deg sjølv og naboen 😉

Fleire studier har no vist at yoga kan:

# Redusere stress

# Auke styrkeDSC_5321

# Auke fleksibilitet

# Redusere hovudverk

# Redusere ryggplager

# Auke sirkulasjon og forbrenning

# Redusere depresjon/nedstemtheit

# Senke blodtrykk og ha positive effekter på hjarte – karsystemet

# Auke og forbetre hukommelsen

# Auke evnen til å fokusere

Alle kan praktisere yoga. Ung kan praktisere. Vaksen kan praktisere. Gamal kan praktisere. Sjuke kan praktisere. Den som ikkje har styrke kan praktisere. Utan late mennesker, late mennesker kan ikkje praktisere Ashtanga yoga

Body is not stiff. Mind is stiff”

” Yoga is 99% practice and 1% knowledge”

– Sri K Pattabhi Jois – Grunnleggaren av Ashtanga Yogaen slik vi kjenner den i dag.

Hørt etter timane;

” Dei dagane eg er på yoga toler eg mykje betre stress – eg smiler meir og har det betre. Familien min har til og med kommentert det!”

” Dei dagane eg har vore på Morgon Yoga kjenner eg at eg kan klare alt – iallefall det næraste eg kjem” 🙂

OBS; Vi har eigne HERRE – GRUPPER ! 🙂 Vil du bli med? Ta kontakt 🙂

Marianne Kriken, som er hovudlæraren vår innan yoga er utdanna Kiropraktor og RYT 200 sertifisert yoga lærar, med brei bakgrunn innan helse, idrett og rørslelære. Vi har ellers ulike yoga lærar innom for å halde kurs og workshops. Om gruppene;

Ashtanga I; 

For dei som har kjenskap til Ashtanga tidlegare, gått nybyrjar kurs eller har erfaring med anna yoga. Ein time på 60 – 75 min, som også passar fint for dei som treng å ta ulike omsyn eller vil ha eit litt rolegare tempo. Leda klasse.

Ashtanga II;

For dei som har utøvd yoga ei stund, og har god kjennskap til ashtanga serien. Ein tradisjonell time med tellingar og opningsmantra. Timen er på 90 min. Denne timen er ikkje open for prøvetime då dette passar betre på ein kortare time med litt meir forklaring etc. Leda klasse.

# Alle våre timar avsluttar i ei herleg avspenning.

 

Mysore Style / Eigenpraksis; 

Morgon time der ein lærar er tilstades for å rettleie kvar enkelt der ein har behov for det, i ashtanga serien. Ein veldig fin start på dagen – og ein får praktisere i sitt eige tempo, – si rytme med sin pust. Nydeleg og vakkert samspel. Dette var tradisjonen i Mysore – India – der Ashtanga Yogaens “krybbe” er. Derav namnet Mysore Style. Tradisjonelt sett så kom ein inn slik ein var, og lærte seg solhelsingane, så gradvis vidare. Slik vert ein trygg i serien og kan lettare også ha ein stødig eigenpraksis heime eller kor som helst. Ein kjem når det passar mellom 06.30 – 8.00 – rullar roleg ut matta si å starta dagens økt. Lærar tilgjengeleg til kl.8 – men ein må gjerne halde på lenger om ein vil det. Rull roleg saman matta di også når du forlatar rommet av omsyn til andre som praktiserar eller ligg i avspenning/Savasana.

 

Optimal Pilates

Kva er Pilates?
Joseph H. Pilates byrja tidleg på 1920-talet å utvikle eit treningssystem som var basert på austens idear om balanse i kropp og sjel, og vestens idear om trening av styrke. Ved å kombinere dette skapte han ein treningsmetode med mjuke kontrollerte øvingar i kombinasjon med konsentrasjon og djup pust. Han kalla sjølv metoden sin for “Contrology”, som i dag er kjent som Pilates. Dette er ei komplett form for trening, som gjer muskulaturen både sterk og fleksibel. Den har også god effekt ved rehabilitering av ulike skadar.

Personleg trening, og trening i små intime grupper

Vi har gruppetimar i pilates, men kan også tilby duett eller privat etter avtale. Gruppetimane føregår på matte med ulike typar utstyr som: ballar(triadball), magic circles, foam ruller, lette manualar og thera-band. Gruppene er små, maks 6 – 8 personar, for best muleg individuell rettleiing.

DSC_5359

Kva Pilates kan gjere for deg?

Klassisk Pilates er ein effektiv treningsform som styrker kroppens kjernemusklatur. Du får ein sterkare kropp, meir energi, auka konsentrasjon og fleksibilitet. Regelmessig pilatestrening vil gi deg betre kroppshaldning, auka koordinasjonsevne og betre balanse.

__________________________________________________________________________

OPTIMAL YOGA OG PILATES PRISAR

10 klipp Yoga; 1750 for – 11.klippet er GRATIS 🙂 Så får ein trene i treningsenteret til 200 ,- i mnd om ein har klippekort. Her kan du nytte tredmøller, sykkel, ellipsemaskin, slynger, kettlebells m.m.

# Månedsabonnement – min. 3 mnd – 999 kr – lønner seg om ein går meir enn ein gong i veka! FRI trening i treningsenteret er inkludert – også nytte av salen når der ikkje er timar.

# 10 klipp Pilates; 1500 kr -Så får ein trene i treningsenteret til 200,-  i mnd om ein har klippekort.

# Har du klippekort hos oss får du i tillegg trene for 200kr/mnd i vår vesle, men flotte og effektive treningsavdeling. Her finn du akkurat det du treng, og har også tilgong til salen når der ikkje er gruppetimar. Vi har splitter nye garderober med dusj – og har ope frå 06.00 – 23.00, 365 dagar (altså ALLE) i året. Vi har også ein koselig leikekrok om du har barn som er store nok til å leike, teikne eller sjå barnetv medan du trimmar.

# Er dette interessant for deg eller nokon du kjenner? Ta kontakt med oss. Har vi ikkje pågåande nybegynnar kurs når du eller din venn vil starte? Då kan vi finne ei løysing med ein privat eller duette time for å gå igjennom det viktigaste for at du skal ha kjennskap nok til å få utbytte av gruppetimane.

# Vi skreddarsyr timar også for bedrifter eller events på førespurnad så langt det let seg gjere med mtp tidspunkt og kapasitet.

Er du med på gruppetimar? Følg med på nettsida vår under nyhende, eller lik gjerne sida våra OPTIMAL YOGA OG PILATES på facebook – her legg vi ut om det er endringar i timeplan/vekesplan grunna t.d. sjukdom e.l., og nye tilbod og ny info.

VELKOMEN skal du vere – i våre heilt nye, flotte lokaler – i ein sal med ei fantastisk utsikt og herleg kjensle 🙂 Berre den i seg sjølv kan gi deg ro på sinnet.

yogapilates