Timeplan, Prisar og Booking informasjon.


(TRYKK PÅ TIMEPLAN FOR STORT BILETE).

Prisar og medlemskap

Du kan velge mellom ulike måtar å delta og betale for timar og kurs.

 

 

Kurs

Vi tilbyr ulike kurs der ein deltek i ei fast gruppe som saman følger progresjon og utvikling. Sjå oversikt under for kurs som er tilgjengelig no.

 

 

Klippekort

Du kan kjøpe klippekort og fritt booke deg på alle timar som ikkje er kurs, på timeplanen. Eit klippekort kostar kr 1750 for 10 klipp og har 6 mnd. gyldigheit. Inkl er trening i treningsenteret til 200,- / mnd  ved kjøp av nøkkelbrikke.

 

 

Abonnement

Abonnement løner seg for dei som går på yoga 5 gongar i mnd eller meir. Eit abonnement kostar kr 999,-/ mnd og har ei bindingstid på 3 mnd. Du kan nytte abonnementet fritt på alle dei opne timane og inkludert er også fri tilgong til  vårt fine treningsstudio i denne perioda – men muligheit til å nytte salen når der ikkje er timar. Opnings tider; 06.00 – 23.00 – 365 dagar i året! Mange trivast med denne løysinga – Yoga for styrke, fokus, auke fleksibilitet, avspenning og tilgong til treningsstudio med tredmølle og styrkeapparat 🙂 ALT du trenge! 

 

 

Drop-in

Om du berre vil teste yoga og tilbodet, eller er på besøk i området, kan du kjøpe Drop-in. Drop in kostar kroner 200 per klasse og er gyldig på valfri gul time på timeplanen. Billetten varer i ei veke frå kjøpsdato.

All betaling blir gjort på nettsida og det er ikkje mogleg å betale for kurs eller medlemskap i studio. For drop-in enkelttime og klippekort, kan du betale via Vipps om du ikkje har fått gjort det på nettsida. Ta kontakt med oss om du er usikker.

 

 

! Prøve time

Vi har gratis prøvetime om du vil å kome og prøve dei ulike timane før du bestemmer deg 🙂 Ta kontakt med oss!

For meir info om Yoga og Pilates timane/klassene, gå på Fagfelt -> Yoga og Pilates, eller Behandlingstilbod -> Yoga og Pilates .

Vi gjer vårt beste for å ta deg god i mot – møte dine behov på best mogleg måte. Gi oss gjerne tilbakemeldingar – vi omfamnar både ris og ros! Hjå oss skal du kjenne deg trygg. 

Vel møtt 🙂 

(Butikk

her kjem klippekort, kurs, ws, og drop – in – link til å kjøpe)

 

 

 

 

Bookingrettleiar

  • Booking av timar kan kun gjerast på nett, ikkje over telefon eller epost.
  • Når timane er fulle vil bookingar bli sett på venteliste. Du får beskjed på e-post om du får plass på timen.
  • Du kan møte opp utan å ha booka time, men vi kan ikkje garantere plass.
  • Du må ha eit gyldig klippekort eller medlemskap for å kunne sjekke inn på timen. Innsjekk forgår i resepsjonen der yogalæraren hakar deg av lista. Når det er gjort, blir det automatisk trekt eit klipp frå klippekortet ditt.
  • Du får beskjed på e-post når du har to klipp igjen på klippekortet.
  • Avmeldingar av klasser er gratis, og må gjørast seinast 3 timar før klassen startar, elles vil eit gebyr på kr 175 bli belasta (prisen av ein time),  (gjeld ikkje kurs).
  • Å booke ein time på nett garanterer deg ikkje plass om du ikkje møter opp i tide (gjeld ikkje kurs).
  • Har du ikkje sjekka inn seinast 5 minutt før timen startar så vil plassen gå til ein som eventuelt står på vent i studio (gjeld ikkje kurs).
  • For di sikkerheit og andre sin trivsel slepp vi ikkje inn dei som ikkje kjem til rett tid (om ikkje anna er avtalt).
  • Er det mindre enn fire påmelde til timen, blir timen avlyst. Det blir gitt beskjed om dette til dei påmelde per sms.
  • Vi opnar yogastudio seinast 15 minutt før timen startar.

Fargekoder kjem her

Vi ber om at dokke er tolmodige med oss, då denne sida er under utbetring. Om det er noko meir du lurer på – ta gjerne kontakt på kontakt@optimalhelseklinikk.no eller nokon av oss instruktørane på timane. Takk 🙂

 

VIL DU HA FAST PLASS PÅ EIN TIME? GI OSS BESKJED SO LEGG VI DEG INN. DÅ TRENG DU BERRE Å AVBESTILLE NÅR DET IKKJE PASSAR! 

 

 

 

 

APP for booking på telefon

1) Opne nettlesaren på telefonen din og gå til: www.https://optimalhelseklinikk.punchpass.com/classes

2) På iPhonar/iPadar klikk på pila på botnen av skjermen. Sjå skjermdump under. På Android telefonar klikk på dei tre vertikale prikkane oppe i høgre hjørne.

3) Velg “legg til på Hjem-skjerm”. Og det er det! Då har du eit nytt blått ikon på skjermen din som heiter Punchpass. Her kan du booke timar når som helst, så lenge du har nettilgong.