Trening

Treningsenteret

I vårt nye, lyse og moderne treningsenter kan du få skreddersydd program av fysioterapeut etter dine behov. Vi har 150 m2 med boltreplass delt på to områder. Ein eigen sal med slynger, ball, ribbevegg, kettle – bells og matter, – her kan ein roe ned og finne fokus i treninga. Ellers har vi kardio – apparat som tredmøller, elipsemaskin, syklar og romaskin tthumb_img_3986_1024il oppvarming, samt styrkeapparat for heile kroppen.

INGEN innmeldingsavgift eller bindingstid! Fleksible på abonnement ved sjukdom eller lange reiser etc.

Vil tilbyr også personlig veileda trening med fysioterapeut.

Med nøkkelkort kan du nytte treningsenteret frå 06.00 – 23.00 ALLE dagar HEILE året

Vi har ein leikekrok på venterommet som barn kan teikne å leike slik at foreldre får trent om det er ønskelig. Her er lista lav for å kome i gong!

Prisar:

  • 3mnd – 1200kr
  • 6mnd – 2300kr
  • 12mnd – 4000kr

 

Klippekort på 10 klipp pilates – 1500kr.

Klippekort på 10 klipp yoga – 1750kr.

Vi har oppstart av nye Rygg – grupper og Mor og barn – grupper ca. 4 gongar i året. Ein får då også fri tilgong til treningsenteret på dagtid i den perioda ein går på gruppene. For meir informasjon følg med på Facebook 🙂

Kom i gong med oss!facebook-logo

 

Kom i form i lag med barnet ditt!

Mor – barn trening er ein aktiv oppstart med fokus på å stramme opp kroppen og kome i form etter fødselen.

Graviditeten kan vere ei stor påkjenning for kroppen, derfor er trening etter fødsel viktig for å forebygge eventuelle plager.

Kurset består av kondisjonstrening og saltrening med hovedfokus på styrke/stabilisering i mage, rygg og bekken. Det vert også trena ”trillearmar” og ”ammeskuldre”. Vi tek med heile kroppen. Treningane er til musikk, der tempo og lyd er tilpassa dei små. Det vert også nytta pilates i nokre av timane.

Her tåler ein både barneskrik, amming og bleieskift. Dette er ei sosial og morosam trening for både mor og barn. Ein kan starte å trene ca seks veker etter fødsel og ha med barn opp til ca ett års alder. Vi brukar babyen som naturleg vekt i mange av øvelsane.

Dette treng du ta med;

  • gode sko
  • drikkeflaske
  • gjerne eit lite teppe til å ha på matta der barnet skal ligge
  • klede som er lette og bevege seg i (her er garderobe til å skifte).

 

Vil ein ha med vogna opp er her heis – gå inn inngangen til Aktiv Trening – til venstre er heisa, vi er i 2. etg.

Plager etter fødsel og/eller svangerskap? Vår fysioterapeut gir råd og kan vise enkle øvingar du sjølv kan gjere.  Optimal Helseklinikk har også lang erfaring med behandling av kvinner og barn om det skulle vere behov for vidare behandling.

 

Pris: 1750 kr for 10 gangar, inkludert i denne prisen er også FRI TRENING i treningsenteret under heile perioda 🙂 Vi har tilrettelagt slik at ein kan trene og ha med baby, og evnt barn då vi har eit lite leikeområde i resepsjonen. NrkSuper kan også stå på nyogasallillarosaår det er barnetv – tid slik mamma (eller pappa) får trent! Henvend deg i resepsjonen for nøkkelkort om du vil nytte deg av treningsenteret også utenom opningstidene på klinikken.

For Optimal Yoga og Pilates sjå under Fagfelt – Yoga og Pilates.

Idrettsskadar

Ein idrettsskade kan definerast som ein skade som har oppstått på grunn av idrett eller fysisk aktivitet. 
Idrettsskadar skjer innanfor dei fleste idrettar, men er hyppigare i ballidrettar som fotball og handball.

Dei fleste idrettsskadar rammar musklar, sener og leddband. Dette vert kalla blautdelsskadar og vert delt inn i akutte skadar og belastningsskadar.
Dei mest vanlege idrettsskadane vi ser, er overbelastningsskadar, for eksempel akilles- og kneproblem.

Ved undersøking og behandling av idrettsskadar er det svært viktig å gjere ei grundig evaluering av heile pasienten. Ved ein kronisk akillesseneproblematikk vil det for eksempel vere avgjerande å evaluere funksjonen i kne- og korsrygg/bekken, i tillegg til undersøking av sjølve senen.

Behandling av idrettsskadar krev at ein gjer ting i rett rekkefølgje. Som pasient er det særs viktig at du tek aktivt del i behandlinga, vanlegvis i form av eigentrening, tilrettelagde øvingar/treningsprogram, etc.

 

Treningsrettleiing og personleg trening

Vi finn fram til øvelsane som er riktige for deg for å redusere dine plager og kome i form. Skriftlig øvelsesoversikt er inkludert. Du kan då trene på eigenhand om det er ønskelig i vårt treningsenter, men oppfølging ved behov. Vi tilbyr også personlig treningsveiledning med tidseffektive økter der ein jobbar med heile kroppen for maks resultat.

Vi skreddersyr treninga basert på dine behov og interesser slik at du når dine mål; enten det er vektnedgang,forebygging, styrkeaukning og/eller generell forbedring av helse slik at du kan leve eit aktivt liv utan smerter. Det er våre godt kvalifiserte fysioterapeutar som gjennomfører desse.

For meir info eller tilbod, vennligst ta kontakt så skreddersyr vi det som er riktig for nettopp deg!

Beste måten å unngå idrettsskadar på er å førebygge dei!