Trening/kurs

For å oppnå ønska funksjon kan rettleia trening vere eit viktig verkemiddel. Det er brei semje om viktigheita av at pasienten deltek aktivt i si eiga behandling. Vi ønsker dermed å tilpasse treninga med rettleia øvingar i tillegg til at pasienten får eit eigentreningsprogram som vert følgt opp på eiga hand mellom behandlingssekvensane.

På Optimal Helseklinikk kan vi tilby slyngetrening, øvingar i apparat, på ball, øvingar på matte og øvingar med strikk. Treninga tek utgangspunkt i styrke/stabilitet, uthald, rørsleevne, balanse, koordinasjon og auka muskelkontroll.

 

Idrettsskadar

Ein idrettsskade kan definerast som ein skade som har oppstått på grunn av idrett eller fysisk aktivitet. 
Idrettsskadar skjer innanfor dei fleste idrettar, men er hyppigare i ballidrettar som fotball og handball.

Dei fleste idrettsskadar rammar musklar, sener og leddband. Dette vert kalla blautdelsskadar og vert delt inn i akutte skadar og belastningsskadar.
Dei mest vanlege idrettsskadane vi ser, er overbelastningsskadar, for eksempel akilles- og kneproblem.

Ved undersøking og behandling av idrettsskadar er det svært viktig å gjere ei grundig evaluering av heile pasienten. Ved ein kronisk akillesseneproblematikk vil det for eksempel vere avgjerande å evaluere funksjonen i kne- og korsrygg/bekken, i tillegg til undersøking av sjølve senen.

Behandling av idrettsskadar krev at ein gjer ting i rett rekkefølgje. Som pasient er det særs viktig at du tek aktivt del i behandlinga, vanlegvis i form av eigentrening, tilrettelagde øvingar/treningsprogram, etc.

 

Treningsrettleiing og personleg trening

Vi finn fram til øvelsane som er riktige for deg for å redusere dine plager og kome i form. Skriftlig øvelsesoversikt er inkludert. Du kan då trene på eigenhand om det er ønskelig i vårt treningsenter, men oppfølging ved behov. Vi tilbyr også personlig treningsveiledning med tidseffektive økter der ein jobbar med heile kroppen for maks resultat.

Vi skreddersyr treninga basert på dine behov og interesser slik at du når dine mål; enten det er vektnedgang,forebygging, styrkeaukning og/eller generell forbedring av helse slik at du kan leve eit aktivt liv utan smerter. Det er våre godt kvalifiserte fysioterapeutar som gjennomfører desse.

For meir info eller tilbod, vennligst ta kontakt så skreddersyr vi det som er riktig for nettopp deg!

Beste måten å unngå idrettsskadar på er å førebygge dei!

 

Kom i form i lag med barnet ditt!

Mor – barn trening er ein aktiv oppstart med fokus på å stramme opp kroppen og kome i form etter fødselen.

Graviditeten kan vere ei stor påkjenning for kroppen, derfor er trening etter fødsel viktig for å forebygge eventuelle plager.

Kurset består av kondisjonstrening og saltrening med hovedfokus på styrke/stabilisering i mage, rygg og bekken. Det vert også trena ”trillearmar” og ”ammeskuldre”. Vi tek med heile kroppen. Treningane er til musikk, der tempo og lyd er tilpassa dei små. Det vert også nytta pilates i nokre av timane.

Her tåler ein både barneskrik, amming og bleieskift. Dette er ei sosial og morosam trening for både mor og barn. Ein kan starte å trene ca seks veker etter fødsel og ha med barn opp til ca ett års alder. Vi brukar babyen som naturleg vekt i mange av øvelsane.

Dette treng du ta med;

–         gode sko

–         drikkeflaske

–         gjerne eit lite teppe til å ha på matta der barnet skal ligge

–         klede som er lette og bevege seg i (her er garderobe til å skifte).

Vil ein ha med vogna opp er her heis.

Har du eller barnet ditt plager etter svangerskap og fødsel, kan du få råd og hjelp til dette hos oss. Optimal Helseklinikk har lang erfaring med behandling av kvinner og barn.

 

Pris: 1500 kr for 10 gangar, inkludert i denne prisen er også ei valfri eigentrening i veka i klinikken sitt treningsenter.

 

Optimal Yoga

Når ein praktiserar yoga , vert kropp og sinn, pust og bevegelse forent i eit dynamisk samspel.

Dette gir balanse, avspenning og velvære.

Yoga på Optimal inneheld:

  • Fysiske øvelsar (asanas), – frå heilt enkle til meir avanserte øvingar. Dei utførast i eit rolig tempo i samsvar med pusten. Desse er styrkande, aukar fleksibiliteten i kroppen og opplevast fokuserande.
  • Puste øvelsar (pranayama ). Gjennom desse blir ein kjent med pustens fulle potensiale, og bevisstgjer  korleis ein brukar den.
  • Avspenning. Her vert det fokusert på teknikkar for å bevare ro og balanse i kvardagen, – for stressmeistring og auka overskudd. Avspenninga frigjer spenningar og sinnet  ”nullstillast” og får fornya energi.
  • Meditasjon, – gir mental kraft og styrke til sinnet slik at kroppen slappar av.

 

Vi tilbyr også Medisinsk Yoga og er stolt av dette! Det er ein form for Yoga der instruktøren må ha helsefagleg bakrunn, og er nytta ved fleire sjukehus i skandinavia. Studiar har visst at denne forma har god effekt på t.d stress, ME blodtrykk, migrene/hovudverk, men også på revmatiske diagnoser og plager.

Vi kjører både grupper og privat timar på Medi.Yoga. Her kan ein lære seg enkle teknikkar ein dreg nytte av i kvardagen elles. Les meir om Medi.Yoga her; www.mediyoga.com

 

“The rythm of the body

the melody of the mind

the harmony of the soul,

create the symphomy of life .”

B.K.S. Iyengar.