Trykkbølge ESWT

Kva er radial trykkbølgjebehandling (Radial Shockwave Therapy, ESWT)?

Radial trykkbølgjebehandling er ein ny fysikalskmedisinsk behandlingsmetode.
Radial trykkbølgjebehandling er ein serie høgenergiske trykkbølgjer som vert appliserte på området som skal behandlast. Ei trykkbølgje er ei rein mekanisk bølgje, ikkje elektrisk.


Korleis fungerer radial trykkbølgjebehandling?

Behandlinga fører til ein betennelsesliknande reaksjon i vevet som blir behandla. Kroppen reagerer med å auke blodsirkulasjon og stoffskifte i nedslagsfeltet, noko som stimulerer og akselererer kroppens eigne reparasjonsprosessar. Trykkbølgjene bryt ned skadd vev og kalkavleiringar.


Kva er fordelane med radial trykkbølgjeterapi?

Trykkbølgjebehandling skjer uavhengig av medikament, for eksempel Cortison. Behandlinga stimulerer og gir effektiv støtte til kroppen sine sjølvreparerande evner. Det er vanleg å oppleve snarleg smertelindring og dermed betra rørsleevne. Eventuelle biverknader er minimale.


Kva er suksessraten for radial trykkbølgjebehandling?

Dokumenterte resultat samla frå heile verda viser ein suksessrate på 70-80 prosent ved kroniske tilstandar som ikkje er blitt friskmeldt/lækt ved ei rekke andre typar behandling.


Kvar på kroppen kan radial trykkbølgjeterapi nyttast?

Vi behandlar kroniske senebetennelsar mellom anna i skulder, olboge, hofte, kne og akillessener. Trykkbølgjer vert også nytta mot såkalla hælsporar og smerter i fotsolen.