Ultralyd/EMS

Eit terapeutisk apparat som sender ultralydbølgjer inn i skadd kroppsvev. Ultralyd sin evne til å penetrere vevet er avhengig av frekvens og tettleiken i vevet. Effekten av ultralyd vert oftast vurdert som ein termisk effekt, men kan også ha ein ikkje-termisk effekt. Den terapeutiske effekten (behandlingseffekten) av auka vevstemperatur er ein auka cellemetabolisme og auka energiomsetjing. Den terapeutiske ultralyden som blir nytta av fysioterapeutar, ligg på mykje høgare dosar enn dei som blir brukt under diagnostiske ultralydsundersøkingar utført av legar og fysioterapeutar.


EMS – elektronisk muskelstimulering

Apparat som sender elektriske impulsar mot muskelvev og stimulerer passivt muskelvev til å trekke seg saman. Aktiviserer deler av muskel og gir auka blodgjennomstrøyming.